Høyring av klimaplan

Utvalg for areal, næring og kultur vedtok i møte den 15.10.2024 å legga forslag til klimaplan for Sauda kommune (2025 - 2035) med tilhøyrande handlingsplan (2025 - 2026) ut på høyring (sak 050/2024).

Bakgrunn for saken

Klimakrisa er blant dei største utfordringane verda står ovanfor i dag, og det er forventa at kommunane bidrar i arbeidet med klimaomstilling, både reduksjon av klimagassutslepp, energiomstilling og klimatilpassing for eit meir klimarobust samfunn i framtida.

Sauda sin gjeldande klima- og energiplan er frå 2010, og revisjon av denne vart vedteke i kommuneplanens samfunnsdel og planstrategi for 2020 - 2023. Forslag til ny plan er utarbeida og sendast no ut på høyring.

 

Planforslag

Forslag til klimaplan (2025 - 2035) (PDF, 824 kB) inneheld mål og strategiar for klimaarbeidet fram mot 2035. Det er også utarbeida ein handlingsplan (2025 - 2026) (PDF, 2 MB) som inneheld forslag til prioriterte tiltak for dei første to åra.

Detaljert bakgrunnsinformasjon er samla i kunnskapsgrunnlaget (PDF, 3 MB) til planen og klimaplanen må sjåast i samanheng med denne. Som vedlegg til kunnskapsgrunnlaget ligg rapport med klimaregnskap og foreslåtte tiltak (PDF, 2 MB), samt oppsummering av medvirkningsprosess (PDF, 2 MB).

Saksframlegg og vedtak finst i møteprotokoll frå møtet i utval for areal, næring og kultur den 15.10.2024 (sak 050/2024).

(Klimaplan i podcast-versjon? Sjå nederst på sida.)

 

Har du innspel?

Frist for å koma med innspel er 8. desember 2024.

Innspel kan sendast enten:

Me ber om at du oppgir fullt namn, kontaktinformasjon og saksnummer 24/690 ved innsending.

 

Informasjonsmøte

Det blir arrangert ope informasjonsmøte onsdag 6. november på biblioteket på to ulike tidspunkt: kl. 11.00-12.00 og kl. 19.00-20.00. På møtet blir det ein overordna presentasjon av planen og informasjon om høyringa, samt moglegheit for å stilla spørsmål. Innhaldet blir det same i dei to møta.

Det er også moglegheit for å be om orientering om klimaplanen på eigne organiserte møte.

 

Klimaplanen som podcast

Om du ikkje vil lesa heile planen sjølv kan du få eit slags innblikk frå denne KI-genererte podcast-samtalen (WAV, 48 MB)

Samtalen vart generert av NotebookLM ved å senda inn kun klimaplanen med handlingsplan og kunnskapsgrunnlag (utan vedlegg).
Kanskje ikkje heilt slik me ville oppsummert planen sjølv, men det gir eit innblikk (på amerikansk vis) - og kanskje får du lyst til å lesa planen etterpå? 

 

Spørsmål?

Ta kontakt med Stine Skrunes, e-post: stine.skrunes@sauda.kommune.no, telefon 97731362.