Sauda kommune er ansvarleg for tildeling av offisielle adresser, jf. matrikkellova § 21.
Etter § 6 i lov om stadnamn, skal kommunen gjera saka om nye adresse- og stadnamn kjend for dei som har uttalerett. I samband med kunngjeringa blir det gitt frist til 21.4.2024 for å kome med uttale om namn på vegadresse tilhøyrande gnr. 12, bnr. 79 i Svandalen.
Uttalar skal vera grunngjevne og underskrivne. Når høyringsfristen er gått ut, og stadnamntenesta har kome med tilråding, skal kommunestyret gjera vedtak om namneval. Kommunen reiser namnesak der det er naudsynt. Etter vedtak om stadnamn i kommunestyret, vil kommunen sende ut vedtak og leggje vedtatt stadnamn i Stadnamnregisteret.
Vegnamn som er ute på høyring frå 26.03.2025 til 21.04.2025:
- Kvamsvegen
Sauda kommune har i eldre dokumentasjon av 1930, 1960 og 1972 funne bruksnamnet på fleire gardsbruk i området kor dei omtalar området som Kvamen/Kvammen. Området som hyttefeltet ligg i er i buhagen til eit av gardsbruka som har bruksnamnet Kvamen/Kvammen. I matrikkel for Sauda herad frå 1930 skriv dei “Kvamen”, og det er slik kommunen føreslår at namnet blir skrevet, Kvamsvegen.
- Kjeahauen
Sauda kommune legger også fram forslag om “Kjeahaugen”. Dette namnet er oppgitt i namnelister for garden Øvre Kvamen på nr. 196. Namnet er ikkje nemnt i matrikkelen for Sauda herad, men er registrert i namneliste frå 1991. Namnelista er gitt av Ole Audun Djuv, og skriven av Ingvald Paulsen.
Utklipp frå stadnamnkart over Svandalen
Utklipp frå namnelister i Svandalen
Me ber om at merknadar blir sendt anten:
Frist for uttale er sett til 21.04.2025.
Ved spørsmål, ta kontakt med Elin Storesund Brekke
Telefon: 98 48 10 88
E-post: elin.storesund.brekke@sauda.kommune.no