Alle barn skal både ha eit godt og eit trygt miljø i barnehagen.
Barnehagane og skulane har ein felles handlingsrettleiar for trygt og godt miljø. Denne rettleiaren er dei tilsette sitt arbeidsverktøy.
Informasjon til føresette om arbeidet:
- Dei viktigaste grep for eit trygt og godt barnehagemiljø blir gjort i det daglege arbeidet, i kontakten mellom dei vaksne og barna.
- Livsmeistring og helse er del av barnehagens verdigrunnlag, jmfr. rammeplan for barnehagen.
Ta snarast kontakt med pedagog, eller ein av dei andre tilsette, og meld frå om di uro.
Ta snarast kontakt med pedagog, eller andre tilsette, og del di uro.
Du kan også ta kontakt med foreldrerepresentant i samarbeidsutvalet (SU).
- Barnehagen har ei aktivitetsplikt når nokon melder frå om uro for barnehagemiljøet.
- Den som har fått melding om uro, vidareformidlar denne til styrar. (Om andre enn styrar har fått informasjon.)
- Barnehagen vil først undersøkja saka grundig, før dei vurderer om det er grunnlag for å oppretta ein skriftleg aktivitetsplan.
- Aktivitetsplanen skal innehalde:
- Kva problem tiltaka skal løysa.
- Kva tiltak barnehagen har planlagt.
- Når tiltaka skal bli gjennomført.
- Kven som er ansvarleg for gjennomføring av tiltaka.
- Når tiltaka skal bli evaluert.
- Barnehagane har eit ansvar for å ha oversikt og kontroll med korleis miljøet til barna er. Det skjer for det meste gjennom daglege observasjonar, men også gjennom lokale undersøkingar og observasjonar.
- Barnehagane har ei aktivitetsplikt om dei sjølv har ei uro for miljøet til eit eller fleire av barna. Det same gjeld om utfordringar blir avdekka gjennom undersøkingar.
- Gjeld uroa tilsette som gjennom munnleg språk, kroppsspråk, og/eller haldningar som opplevast krenkjande, skal du snarast ta kontakt med styrar i barnehagen.
- Gjeld uroa styrar ved barnehagen sine handlingar eller haldningar, skal du ta kontakt med kommunalsjef.
- Tilsette ved barnehagen har ei plikt til å melde frå om dei opplever eigne kollegaer opptrer på ein krenkjande måte overfor barna.
- Styrar skal informera kommunalsjef kjem meldingar om tilsette som opptrer krenkjande.
- Undersøkingar og tiltak skal setjast i gong straks ved slike saker.
Opplever du at saka di ikkje blir tatt på alvor av styrar, kan du melda saka di til kommunalsjef.
Du må har vore i kontakt med styrar i barnehagen først, og prøvd å løysa saka via dialog.
Publisert av Bente Rasmussen
Publisert 13.10.2021 14.49