- Rammeplan for barnehage styrer innhald i barnehagen.
- Kvar barnehage har sin årsplan som fortel om deira satsingar og prioriteringar. Årsplanen finn du på barnehagen sine sider:
- Overordna for alt kvalitetsutviklingsarbeid i barnehagane i Sauda er målsettinga om å gi alle barn ei oppleving av å vera personleg, sosialt og læringsmessig inkludert i tilbodet.
- For å lukkast med denne målsettinga jobbar me etter strategien “frå eg til me”, med særleg innsats for utvikling på desse områda:
- Profesjonelle læringsfellesskap for tilsette
- Barns medverknad
- Foreldrefellesskap for inkludering
- Ut frå den overordna målsettinga kartlegg barnehagane eige utviklingsbehov, og driv eige utviklingsarbeid.
- Kompetansestrategien er å sjå som eit "småforbetringsarbeid." Ingen kan ikkje bli god på alle område på ein gong, men vidareutvikla seg steg for steg på vegen mot det overordna målet.
- Alle barnehagane brukar ei digital kommunikasjonsløysing i dialog med føresette.
- Via denne får føresette med jamne mellomrom informasjon, bilete og meldingar om kvardagen til barna i barnehagen.
Publisert av Solfrid Løvbrekke Handeland
Publisert 13.10.2021 14.49