Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Barna si stemme er viktig for drift og utvikling av barnehagane. Gjennom observasjonar og samtalar med barna får dei tilsette informasjon om kva som er viktig for barna.
Denne informasjonen blir brukt i det daglege arbeidet, til beste for barna.
Barnekonvensjonen gir barna rett til å sei si si mening og bli høyrt, og dei skal ha medverknad i saker som gjeld dei.
§ 4.Foreldreråd og samarbeidsutvalg
For å sikre samarbeidet med barnas hjem, skal hver barnehage ha et foreldreråd og et samarbeidsutvalg.
Foreldrerådet består av foreldrene/de foresatte til alle barna og skal fremme deres fellesinteresser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppen skaper et godt barnehagemiljø.
Samarbeidsutval blir konstituert seinast i september månad. (I valår noko seinare)
- Personalet vel to representantar. Helst ein pedagog og ein frå andre tilsette.
- FAU har med to representantar. Leiar og nestleiar.
- Ein politisk oppnemnt representant.
Styrar møter som kommunens representant, og er også den som innkallar til møte og er sekretær.
Møte:
- Samarbeidsutval har minst 2 møte årleg. 1 møter i hausthalvåret, og 1 i vårhalvåret.
- Fleire møte ved behov og aktuelle saker.
- Alle partar kan be om fleire møter og senda inn saker som skal opp i møtet.
- Saker sendast styrar i god tid før møtet.
Sauda kommune har eit kommunalt foreldreutval med ein representant frå kvar barnehage og grunnskule. Til vanleg er det leiarar i FAU (skule) og foreldrerepresentant i SU (barnehage) som deltek i forumet.
Føremålet til utvalet er å fremja fellesinteresser til føresette i Sauda kommune, og å byggja ein kollektiv foreldrekultur.
Utvalet er ein viktig bidragsytar for kvalitetsutvikling i barnehage og grunnskule.
Pedagogisk rettleiar koordinerer utvalet sitt arbeid.
I dagligtale forkortar me namnet til KFU-O, kommunalt foreldreutval for oppvekst.
Publisert av Solfrid Løvbrekke Handeland
Publisert 13.10.2021 14.49