Caroline Miller er personvernombud i Sauda kommune. Hun er kontaktpunkt mellom kommunen og de som er registrerte i våre systemer. Personvernombudet har ansvar for å passe på at kommunen håndterer personopplysninger etter gjeldende regler.
Bakgrunnen for at kommunen har fått eige personvernombod, er at Noreg frå 2018 har forplikta seg til EU regelverket sitt for personvern. Det inneber mellom anna at innbyggarar som får personopplysningane sine registrert, har fått nye rettar
Personvernombodet skal mellom anna å bidra til at verksemda:
- Informerer om kva personopplysningar som blir samla inn og kvifor.
- Holder oversikt over opplysningane som blir behandla.
- Gir innsyn til den opplysningane gjeld.
- Kontrollerer tilgangen til opplysningane.
- Ber om samtykke frå dei opplysningane gjeld før opplysningane blir behandla.
- Vernar informasjonen slik at han ikkje kjem på avvegar.
- Vurderer risiko for tryggingsbrot og konsekvensar.
- Sletter personopplysningar det ikkje lenger er behov for.
Eit personvernombod er ein ressursperson som styrkar kunnskapen og kompetansen for verksemda om personvern. Personvernombodet rettleier verksemda slik at personopplysningar blir behandla på ein god måte og i tråd med regelverket.
Personvernombodet arbeider med personvernspørsmål, til dømes internkontroll og informasjonssikkerheit. Meir konkret betyr dette handtering av spørsmål om alt frå innsyn, retting og sletting til avviksmeldingar og personopplysningar på avvegar.
Gjennom at Sauda kommune har eit personvernombod er kommunen fritatt for meldeplikta som følgjer av personopplysningslovas § 31. Konsesjonsplikta gjeld.
Meir informasjon om personvernombod finn du hos Datatilsynet
Publisert av Målfrid Selvik Årthun
Publisert 13.10.2021 14.50