Politisk (kommunestyret) og administrativ (kommunedirektør) skuleeigar har eit felles ansvar for god kvalitet i saudaskulen.
Saudaskulen jobbar kontinuerleg med å gi elevane eit godt tilbod. Det viktigaste arbeidet skjer på kvar skule, der kollegiet reflekterer over felles verdiar og vurderer og vidareutviklar sin praksis.
Alle skulane har jamlege utviklingsmøte som samlar kollegiet. Det er elles tett kontakt mellom administrativ skuleeigar, leiarar og tillitsvalte.
Utover dette har Sauda kommune følgjande system for kvalitetsutvikling i saudaskulane.
Sauda kommune gjennomfører følgjande kartleggingar, prøvar og brukarundersøkingar:
- Den nasjonale elevundersøkinga gjennomføres for 7.klasse og 8. - 10.klasse, årleg.
- Foreldreundersøking, 2.kvart år. Partalsår.
- Lærarundersøkinga 2.kvart år. Partalsår.
- Nasjonal kartleggingsprøve i lesing for 1., 2. og 3.trinn.
- Nasjonal kartleggingsprøve i rekning for 1., 2. og 3.trinn.
- Nasjonal kartleggingsprøve i engelsk for 3.trinn.
- Nasjonal kartleggingsprøve i digital dugleik for 4.trinn.
- Nasjonale prøvar i lesing, rekning og engelsk for 5. og 8.trinn.
- Nasjonale prøvar i lesing og rekning for 9. trinn.
- Eksamen for 10.trinn.
Resultata blir brukt i eige forbetringsarbeid.
Sauda kommune har ei felles rutine for oppfølging av ulike resultat i saudaskulen. Rutina omfattar kartleggingsprøvar, nasjonale prøvar, eksamen, ulike brukarundersøkingar som elevundersøkinga, foreldreundersøkinga, lærarundersøkinga m.m.
Sentrale spørsmål i oppfølging av resultat er felles refleksjon rundt desse spørsmåla:
- Kva viser resultatet at me får til?
- Kva viser resultatet at me kan bli betre til?
- Kva gjer me som gir elevane god måloppnåing?
- Kva bør me gjera mindre av/slutta med for å gi elevane betre måloppnåing?
- Viser resultatet om me er på rett veg med omsyn til det skulebaserte kompetanseutviklingsarbeidet?
Elevar og føresette skal bli involvert i arbeidet med oppfølging av resultat.
- Elevar blir involvert gjennom elevrådet.
- Føresette gjennom FAU, SMU og SU.
Resultatat skal bli lagt fram slik at det gis rom for drøfting.
Politiske skuleeigar blir årleg involvert og informert gjennom framlegging og drøfting av kvalitetsmeldinga.
Sauda kommunar nyttar pedagogisk analyse som ein metode for å jobba strukturert med å løysa utfordringar knytt til opplæringstilbodet.
Pedagogisk analyse hjelper oss til å ha eit fokus på faktorar som opprettheld ei utfordring, og kva me kan gjera for å redusera og/eller fjerna desse faktorane. Dei oppretthaldande faktorane finn me i miljøet, ikkje i individet sjølv.
Pedagogisk analyse inngår som del av Sauda kommune sitt BTI-arbeid. BTI står for betre tidleg og tverrfagleg innsats.
Handlingsrettleiar for BTI er barnehage, skule og helse sin arbeidsmodell for korleis me steg for steg går fram for å løysa utfordringar på ulike nivå.
Sauda kommune samarbeidar med kommunane på Haugalandet og høgskulen Vestlandet (HVL) i ein modell for skulebasert kompetanseutvikling. (Les meir om denne under.)
Kompetanse for kvalitet er ein nasjonal strategi for vidareutdanning av lærarar. Sauda prioriterer utdanning innan basisfaga norsk, matematikk og engelsk, slik at me innfrir nasjonale lovkrav om kompetanse gjeldande frå 2025.
I tillegg vil kompetanse innan programmering bli prioritert i åra framover.
Skulebasert kompetanseutvikling er skulane sitt eige forbetringsarbeid. Lova krev at «skulen skal jamleg vurdere i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevane skal involverast i denne vurderinga. Skuleeigaren har ansvar for å sjå til at vurderinga blir gjennomført etter føresetnadene.»
Årleg skal skulane bruka eigne observasjonar, læringsresultat og/eller resultat frå brukarundersøkingar til å velgja ut eit område dei ønskjer å bli betre på. Elevane og tilsette skal vera involvert i å velgja ut forbetringsområde. Føresette bør også blir involvert.
I samarbeid med elevane skal dei tilsette bli samde om kva tiltak dei skal prøva ut for å betra praksis på valt område, og jobba systematisk med dette gjennom skuleåret.
Eit forbetringsarbeid kan også gå over ein kortare eller lengre periode enn eit skuleår.
Skuleeigar har eit ansvar for å sikra at saudaskulane følgjer lovkrav, og gir alle elevar ei inkluderande, trygg og god opplæring. Skuleeigar gjennomfører følgjande tiltak for å sikra elevane sin rett:
Rektormøte:
Skuleeigar har jamnlege samarbeidsmøte med alle rektorane og tillitsvalte.
Ekstern vurdering:
- Ekstern vurdering er ein metode for å følgje med på og følgje opp kvalitetsutviklingsarbeidet i skulane.
- Skuleeigar gjennomfører ekstern vurdering av eigne skular, etter modell frå Udir.
- Skulane får ekstern vurdering minst ein gong kvart 4. år, elles om skuleeigar eller skuleleiing vurderer det som eit behov.
- Rektorar deltek i ekstern vurdering av andre skular, med føremål om å læra av kvarandre.
- Sauda har også eit samarbeid med Suldal kommune på dette området, for å kunne læra på tvers av kommunegrenser.
- Elevar, føresette og tilsette blir involvert i ekstern vurdering.
- Det blir laga ein rapport der det kjem fram kva som er vurdert som skulen sine sterke sider, og kva som er vurdert som område skulen kan forbetra.
- Rapporten blir offentleg tilgjengeleg.
Dialogmøte mellom eigar og skuleleiing:
To gonger årleg har eigar dialogmøte med skuleleiinga i kvar skule med oppfølging på særskilte område som trygt, godt og inkluderande skulemiljø og læringsresultat.
- Det er eit lovkrav at politisk skuleeigar (kommunestyret) årleg skal få ein tilstandsrapport om grunnskulen. Denne kallar me kvalitetsmelding.
- I Sauda kommune har me valt å leggja fram ein felles kvalitetsmelding for barnehage, skule og SFO.
- Det er eit lovkrav at kvalitetsmeldinga skal bli drøfta av kommunestyret.
- Dette skal gi skuleeigar eit best mogleg beslutningsgrunnlag, slik at dei kan ta gode avgjerder når det gjeld utvikling av kvalitet i skulen.
Med jamne mellomrom får Sauda kommune tilsyn frå Statsforvaltaren (STFV). Han skal ha kontroll med om saudaskulane møter ulike lovkrav i Opplæringslova på ein tilfredsstillande måte. Sauda kommune brukar tilsyn som ein viktig del av eige forbetringsarbeid.
Under finn du informasjon om tilsyn og rapport frå Fylkesmannen.
- 2020: Tilsyn skulebasert vurdering ved Fløgstad skule og Sauda ungdomsskule.
Publisert av Solfrid Løvbrekke Handeland
Publisert 14.06.2022 14.27