Skulen kan be elev og føresette om samtykke til ulike tiltak. Det overordna føremålet med samtykke er å sikra at elev og føresette kjenner dei har styring med og eigarskap til det som blir gjort for å hjelpa deira barn/ungdom. Barn/ungdom skal bli høyrt, men det er dei vaksne som har eit ansvar for vidare avgjerder. Meiningane til barn frå 12 år skal bli tillagt stor vekt. Barn over 15 år vel sjølv om dei vil gi, eller ikkje gi, samtykke.
Du kan gi eit eller fleire samtykke i same skjema. Skjema omfattar samtykke til følgjande:
1. BTI-møte
Er det behov for samarbeid med andre hjelpetenester, vil føresette bli spurt om samtykke til dette. Føresette kan du kryssa av for dei hjelpetenester dei godtek kan bidra i samarbeidet. Samarbeidsmøtet kallar me BTI-møte, betre tverrfagleg innsats.
2. Gi informasjon
I dialog mellom elev - heim – skule blir det avklart kva informasjon det blir bedt om samtykke til å gi. Det kan vera informasjon til ein hjelpeteneste som kan bidra til å hjelpa barn/ungdom. I samtykkeskjema kan føresette opplysa om kva informasjon dei samtykker til skal bli gitt.
3. Tilvising til PPT
Gjennom samarbeid og dialog vil elev - heim og skule bli samde om det er grunn til å tilvisa saka til pedagogisk psykologisk rådgivningsteneste (PPT). Før ein kjem så langt i saka, har PPT vore rådgjevar for skulen i arbeidet for å hjelpa eleven, og det har vore prøvd å finne løysingar via tverrfagleg samarbeid. (BTI-møte)
Skal ein formelt tilvisa saka til PPT, må føresette gi eit skriftleg samtykke til dette.
Les meir om PPT og tverrfagleg samarbeid i Sauda kommune.
4. Tilvising til andre hjelpetenester
Det kan også vera andre hjelpetenester som kan hjelpa i saka. For at dei skal starta sitt arbeid, treng dei ei enkel tilvising.
Det har gjerne vore eit tverrfagleg møte (BTI-møte) der det har blitt vurdert som nyttig med tilvising til andre hjelpetenester.
Les meir om hjelpetenester og tverrfagleg samarbeid i Sauda kommune.
Skjema for skriftleg samtykke