Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Sauda kommune har tre barneskular og ein ungdomsskule. Det samla elevtalet er i underkant av 600 elevar.
Det er vårt overordna mål at alle elevar skal oppleva å få ei inkluderande, trygg og god opplæring. Desse haldningar og handlingar skal kjenneteikna våre skular:
- I våre skular har me eit styrkjefokus, der ulik personlegdom og temparement blir handsama likeverdig.
- Alle barn og unge kan læra i fellesskap med andre.
- Alle barn og unge skal få kjenna seg «god nok» personleg, sosialt og fagleg.
- Alle elevar skal få det meste av opplæringstilbodet sitt saman med andre elevar.
- Elevar som utfordrar skal bli møtt på ein måte som aukar deira kjensle av tryggleik.
- Alle barn og unge skal ha eit godt oppvekst- og læringsmiljø i skulen og på skuleveg. Dette gjeld både fysisk og psykososialt miljø.
- Me har 0 toleranse for mobbing og vald.
- Elevane skal oppleva opplæringa som relevant.
- Elevane skal ha ei aktiv rolle i eige læringsarbeid, frå planlegging til gjennomføring og vurdering.
- Elevane skal få utvikla sine evner, interesser og talent gjennom opplæringa.
- Opplæringa skal fremja skaparkraft og kreativitet.
- Alle elevar skal bli møtt med ambisiøse, men realistiske forventningar.
- I opplæringa har me eit meistringsfokus, der elevens eiga utvikling er det viktige.
Kommunalsjef oppvekst
Målfrid Selvik Årthun - mobil - epost
Jannicke Hillestad Hatlen - mobil - epost
Les meir om kvar skule
Austarheim skule
Fløgstad skule
Risvoll skule
Sauda Ungdomsskule
Publisert av Solfrid Løvbrekke Handeland
Publisert 13.10.2021 14.38