Det er friplass (gratis) i SFO 12 timar i veka for barn i 1. , 2. og 3.klase klasse frå 01.08.24. Ein kan betale for opphaldstid utover denne tida.
Ingen familiar bruka meir enn 6 % av inntekta si på ein SFO-plass, jmfr. § 1B-1 Reduksjon i foreldrebetalinga for elevar på 1. - 4.årstrinn.
For å halda sikre gode og effektiv bruk av bemanning, vil personalet ha tett og god dialog med føresette om behov for opphaldstid i feriar og fridagar, og tilpasse opningstid etter desse behov.
Gjeldande ut skuleåret 2024/25;
- SFO er gratis for elevar i 1. - 3.klasse 12 timar i veka
- Årskostnad for 100 % SFO-plass morgon og ettermiddag er 34.100 kr. Denne årsprisen dekker opphaldstid i tidsrommet mellom klokka 08 - 15.30 i feriar og fridagar.
- Årskostnad for 100 % SFO-plass ettermiddag er 28.600 kr. Denne årsprisen dekker opphaldstid i tidsrommet mellom klokka 08 - 15.30 i feriar og fridagar.
- Årsprisen blir fordelt på lik månadleg betaling i 11 månadar.
- Ein søkjer same størrelse på plass morgon og ettermiddag, eks. 80 % morgon + 80 % ettermidag. Opphaldstid morgon og ettermidag vil også vera same dagar.
- Det blir gitt 30 % reduksjon for barn nr. 2 og 50 % reduksjon for barn nr. 3 og fleire barn.
- For familiar som har barn både i barnehage og SFO gjeld tilsvarande moderasjonsordning både i barnehage og SFO. (På tvers av tenestene.)
- Moderasjonen kjem til fråtrekk på SFO-betaling.
- Søskenmoderasjon gjeld berre dei med fast plass.
- Barn med varig nedsett funksjonsnivå har i Sauda kommune rett til gratis opphald i SFO også frå 1. - 4.klasse. Det er PPT som gjennom sakkunnig vurdering vurderer funksjonsnivå.
- Ingen familiar skal bruka meir enn 6 % av familien si inntekt på ein SFO-plass.
- Er familien si samla inntekt under 476.667 kroner, kan du søkja om redusert foreldrebetaling for SFO.
- Dette gjeld om ein søkjer heil plass.
- Innslagspunkt for redusert foreldrebetaling blir justert etter kva tilbod ein nyttar seg av.
- Ein kan få redusert betaling ved lågare årsinntekt enn nemnt over om ein søkjer redusert SFO-plass. (60 % eller 80 % plass.)
- NB! Føresette må sjølv søkja om redusert betaling.
- Desse kan søkja:
- Om foreldrebetaling for ein SFO-plass/år utgjer meir enn 6 % av inntektene til hushaldet (familien) det siste året, eller
- det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet (familien) inneverande år, som gjer at foreldrebetalinga for eitt skuleår utgjer meir enn 6 % av inntektene til hushaldet (familien.)
- Søknadsskjema finn du her.
- For å få redusert betaling for heile SFO-året er søknadsfristen 1.august.
- Blir det søkt etter 1.august gjeld vedtaket frå heile første månad etter søknadstidspunktet og ut skuleåret.
- Betaling for kost kan koma i tillegg.
- Viktig informasjon om søknaden:
- For at søknaden skal kunne bli handsama, må du leggja ved naudsynt dokumentasjon på familiens si samla inntekt.
- Det er familien si skattepliktige inntekt som blir lagt til grunn. Barnetrygd, barnebidrag, stønad til barnetilsyn, sosialstønad og studielån er døme på skattefrie ytelsar som ikkje blir rekna med i inntekstgrunnlaget. Skattepliktige ytelsar som arbeidsavklaringspengar, dagpengar og uføretrygd er døme på inntekter som blir rekna med.
- Dokumentasjonskrav:
- Siste års skattemelding.
- Dersom siste års skattemelding ikkje stemmer med dagens inntekt må dette bli dokumentert.
- Inntektsgrunnlaget skal speila dei skattepliktige inntektene. Du er pliktig til å dokumentera skattepliktig person- og kapitalintekt som ikkje står i den førehandsutfylte skattemeldingen.
- Dersom inntekta di er vesentleg endra sidan siste års skattemelding må du i tillegg til skattemelding leggja ved dokumentasjon på ny inntekt.
- Døme på slik dokumentasjon:
- Dei tre siste lønnsslippar frå arbeidsgjevar. Dei må vise endring i årsløn ut frå det som står i skattemelding.
- Vedtak frå NAV.
- Vedtak om gyldig opphaldstillatelse.
- Studentbevis eller bekrefting av studiar.
- Registrerer du søknad utan godkjent dokumentasjon, blir den ikkje handsama. Du vil då få informasjon om dette.
- Du må registrere ny søknad og leggja ved gyldig dokumentasjon. Redusert foreldrebetaling gjeld frå første heile månad etter ny dato for ny søknad.
- Ved varig nedgang i inntekt i løpet av vedtaksperioden, kan du sende ny søknad med dokumentasjon som viser endra inntekt.
Søknad om redusert foreldrebetaling gjeld for eit år. De må senda ny søknad for kvart SFO-år, med dokumentasjon for inntekt.
Startar søsken i SFO i vedtaksperioden, må de sende eigen søknad for dette barnet.
Sakshandsaming er inntil tre - 3 - veker.
Får du avslag på søknad om redusert foreldrebetaling, kan du klage innan tre - 3 - veker frå du har fått vedtaket. I klagen skal du oppgi kva du ønskjer å få endra og begrunna dette.
Klagen sender du til rektor ved skulen.
Den som søker om redusert foreldrebetaling må ha same folkeregisteradresse som barnet.
Med eit hushald/familie meinar me ektefeller, registrerte partnarar og samboarar. Bur barnet fast hos begge føresette, skal betalinga frå føresette vera rekna ut frå inntekt til den føresette som har same folkeregisteradresse som barnet.
Publisert 13.10.2021 14.41