SFO i Sauda kommune

"Saman i leik, læring og vennskap."

Fritid er viktig for barn og unges oppvekst. SFO er ein trygg og god stad å tilbringa tid saman med andre før/etter skuletid. Innhald og aktivitetar skal fremja god fysisk og psykisk helse for alle. Alle barneskulane i Sauda har tilbod om SFO. SFO-året startar måndag nærast 01.08, årleg.

Frå SFO-året 2024-25 får elevar i 1., 2. og 3. klasse tilbud om gratis SFO 12 timar kvar veke. Dette tilbodet er frå etter skuletid og fram til klokka 15.30 måndag - torsdag, og fram til klokka 15.00 fredag. 

I skulen sine feriar og fridagar gjeld tilbodet deler av dagen, totalt 12 timar per veke. Opphald for resten av dagen kan kjøpast ved påmelding.