SFO leiar har det pedagogiske og administrative ansvaret for SFO ved alle tre skulane. Rektor har ansvar for at skulefritidsordninga er ein integrert del av skuleverksemda. Rektor har det overordna ansvaret for SFO.
Den daglege drift av SFO er delegert SFO-leiar. SFO-leiar inngår i leiargruppa til skulen. SFO-leiar skal delta i samarbeidsutvalet ved skulen.
Ved utlysing av SFO-leiarstillingar skal det krevjast relevant 3-årig pedagogisk høgskuleutdanning.
Den andre bemanninga i SFO skal bestå av personale med rett kompetanse til å levera eit kvalitativt godt tilbod i samsvar med lov og retningslinjer.
Som hovudregel skal det minimum stillast krav om fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
Rettleiiande bemanningsnorm er ei grunnbemanning med ein tilsett per 15 barn. Rektor avgjer endeleg bemanning etter prinsippet om forsvarleg bemanning.
I tillegg kjem styrka bemanning til oppfølging av barn, tilsvarande oppfølging som barna har i skulen, om rektor vurderer behov for dette.
Leiing i SFO følgjer Særavtale SFS 2201, og blir årleg tilpassa tal påmeldte barn i SFO etter ei slik fordeling mellom administrasjon/leiing, og tid med barn og
tilsette på SFO: