Sauda kommune har eit felles ordensreglement for alle grunnskulane. Reglementet skal gi klare rammer og fremja eit trygt skulemiljø for alle.
Barnehagane og grunnskulane har ein felles rettleiar for eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Denne planen er dei tilsette sitt arbeidsverktøy.
Informasjon til føresette om arbeid med skulemiljø og korleis de skal gå fram ved uro for skulemiljøet:
- Dei viktigaste grep for eit trygt og godt skulemiljø blir gjort i det daglege arbeidet, i kontakten mellom dei vaksne og elevane.
- Folkehelse og livsmeistring er eit av dei tre tverrfaglege tema i ny læreplan
Ta snarast kontakt med kontaktlærar og meld frå om di uro for ditt barn/ungdom.
Ta snarast kontakt med klassekontakt og meld frå om di uro. Klassekontakt tar kontakt med kontaktlærar, på vegne av klassen.
- Skulen har ei aktivitetsplikt når nokon melder frå om uro for skulemiljøet.
- Kontaktlærar melder frå til rektor om saka.
- Skulen vil ta kontakt med føresette, og det vil bli sett i gong ei undersøking. Vidare vil det bli oppretta ein skriftleg aktivitetsplan. Aktivitetsplanen skal bli laga og gjennomført i dialog med elev og føresette. Aktivitetsplanen blir lagra i eleven si mappe.
- Det kan også bli laga ein aktivitetsplan for ein klasse eller gruppe. Gjeld aktivitetsplanen ein klasse eller ei gruppe, skal desse bli involvert og informert i arbeidet med å utforma og gjennomføra aktivitetsplan. Aktivitetsplanen blir lagra i ei klassemappe.
- Aktivitetsplanen skal innehalde:
- Kva problem tiltaka skal løysa.
- Kva tiltak skulen har planlagt.
- Når tiltaka skal bli gjennomført.
- Kven som er ansvarleg for gjennomføring av tiltaka.
- Når tiltaka skal bli evaluert.
- Skulen skal dokumentera kva dei har gjort for å oppfylle aktivitetsplikta.
- I evalueringsmøte er det føresette og elev som avgjer om uro for skulemiljøet er redusert og/eller fjerna.
- Skulane har eit ansvar for å ha oversikt og kontroll med korleis skulemiljøet til elevane er. Det skjer for det meste gjennom daglege observasjonar, men også ved elevundersøkinga og andre lokale undersøkingar eller observasjonar.
- Skulane har ei aktivitetsplikt, med krav til å undersøkje og utforme aktivitetsplan, om dei sjølv har ei uro for skulemiljøet til ein eller fleire av elevane. Det same gjeld om utfordringar blir avdekka gjennom brukarundersøkingar.
- Gjeld uroa for skulemiljøet tilsette som gjennom munnleg språk, kroppsspråk eller haldningar opplevast krenkjande, skal du snarast gripe inn og ta kontakt med rektor ved skulen.
- Gjeld uroa rektor ved skulen sine handlingar eller haldningar, skal du ta kontakt med kommunalsjef.
- Tilsette ved skulen har plikt til å gripe inn og melde frå om dei opplever eigne kollegaer opptrer på ein krenkjande måte overfor elevane.
- Rektor skal melde frå til kommunalsjef om det blir meldt frå om tilsette som blir opplevd krenkjande.
- I saker der rektor har fått melding om mistanke om at ein som arbeider på skulen krenker ein elev, må ikkje rektor lenger melde fra til kommunen eller fylkeskommunen dersom meldingen er åpenbart grunnlaus.
- Alle som arbeider på skulen har plikt til å følgje med på elevane og gripe inn mot krenkingar.
- Undersøkingar og tiltak skal setjast i gong straks ved slike saker.
Opplever du at saka di ikkje blir tatt på alvor av skuleleiing og/eller kommuneleiing, kan du melda saka di til Statsforvalaren i Rogaland . Du må har vore i kontakt med rektor ved skulen, eller kommunalsjef, før du kan melda saka vidare.
Statsforvalteren skal ikke lenger vurdere om skulen har oppfylt heile aktivitetsplikta i si handsaming , men kun om skulen har retta opp situasjonen med eigna tiltak og laga ein aktivitetsplan. Dersom statsforvalteren vurderer at skulen ikkje har gjort nok, skal statsforvaltaren som hovudregel kun pålegge kommunen eller fylkeskommunen å rette opp.
Her kan du melda frå om mobbing til Statsforvaltar
Publisert av Jannicke Hatlen
Ansvarlig Målfrid Selvik Årthun
Publisert 13.10.2021 14.39