Vedtaket er som følger:
Kommunestyret - 078/2024Vedtak:
1. Kommunestyret legg til grunn at følgjande prinsipp og føringar vert lagt til grunn for vidare utvikling av oppvekstsektoren i Sauda kommune:
1.1 Sauda skal ha full barnehagedekning.
a) Det blir laga ein plan for oppgradering av dei kommunale barnehagane jamfør alternativ 0 + for barnehage.
b) Ingen kommunale barnehagar skal over tid ha færre enn 30 barn, av omsyn til robuste fagmiljø. Om barnetalet i framtida blir sterkt redusert, ber kommunestyret kommunedirektøren om å legge frem ny sak for kommunestyret.
c) Kommunestyret ber kommunedirektøren om å leggje fram ei sak med plan for oppgraderingar av barnehagebygg, før endeleg investeringsbeslutning. Av planen skal det kome fram kva barnehage som skal få ei tilpassing til å kunne utvide kapasitet, om det er behov for å redusere til to kommunale barnehagar.
d) Kommunestyret ber kommunedirektøren om å gå i dialog med Brakamoen for å greie ut mulighet for å gjøre barnehagen kommunal
e) Om investeringane overskrid dei vedtekne rammer, skal kommunestyret få ei sak der dei tar stilling til om dei vil gå vidare med arbeidet.
f) Kommunestyret ber om oppdatering undervegs i arbeidet.
g) Kostnadar til planarbeid blir innarbeidd i budsjett 2025.
1.2 Kommunestyret ber kommunedirektøren om å iverksette eit forprosjekt for utgreiing av ein felles barneskule i Sauda.
a) I forprosjektet skal ein sjå på:
- Ulike alternativ til løysingar for- og plassering av eit nytt skulebygg
- Ulike kostnadsalternativ (låg/medium/høg)
- Etterbruk av dei bygg/anlegg som ikkje blir brukt
- kostnader og tiltak for trygg skoleveg
-Ulike løysinger for idrettshall/flerbrukshall knytta til eit nybygg
b) Kommunestyret ber kommunedirektøren om å leggje fram forprosjektet som ei sak, før endeleg investeringsbeslutning.
c) eit kunnskapsgrunnlag for framtidas helse og velferd leggast fram for kommunestyre før det tas en investeringsbeslutning.
d) Om kommunestyret vel å gå vidare med saka etter forprosjektet, skal det vere ei prosjektering, og kommunen får ein pris på arbeidet. Kommunestyret får deretter ei sak der dei må ta stilling til om dei vil gå vidare med prosjektet.
e) Om kommunestyret vel å gå vidare med prosjektet etter prosjektering og pris er innhenta, blir prosjektet lagt ut på anbod. Om anbodsprisane er innanfor dei vedtekne rammene, går ein vidare med prosjektet. Om prisane er utanfor rammene, vil kommunestyret få ein ny sak der dei må ta stilling til kostnadsnivået.
f) Kommunestyret ber om å oppdateringa undervegs i arbeidet.
g) Kostnadar til forprosjekt blir innarbeidd i budsjett 2025
Enstemmig vedtatt.