Høyring framtidig organisering av oppvekst

På vegne av kommunestyret blir saka “Framtidig organisering av oppvekst” lagt ut på høyring. 

Høyringsperioden er 24.juni - 02.august. Høyringsfristen er nå ute.

Her kan du lese andre sine høyringsinnspel.

Informasjon om høyringa 

 

Følgjande sak blir lagt på høyring:

Sak 052/2024 “Høyring framtidig organisering av oppvekst”  (Tabellar manglar i saksframlegg, grunna tekniske utfordringar med lagring av desse.)

Saksframlegg med tabellar 

Vedlegg til saka:

Barns beste vurdering

Notat_kunnskapsgrunnlag Sauda ungdomsskule

 

 

Om høyringa

Denne høyringa gjeld framtidig organisering av oppvekst i Sauda, basert på prosjektmandatet som blei vedteke av kommunestyret 21.februar 2024. 

Denne høyringa inneheld kommunedirektøren sine vurderingar av kvalitet i barnehagar og skular, samt kommunestyret sitt vedtak om kva som skal ut på høyring i saka. 

Høyringsfristen er 02.august, og høyringa er open for alle. Høyringsinnspel blir sendt via digitale skjema, og det er mogleg å gi innspel til ein eller fleire deler, eller heile høyringa. 

Høyringa er 5-delt, og det er mogleg å gi innspel på alle, eller utvalte område. Spørsmål i høyringa kjem fram på denne sida, og i det digitale skjema som blir tilgjengeleg 24.juni.

Innbyggjarar som treng hjelp til å svare i digitalt skjema, kan ta kontakt med Kundetorget. 

 

Bakgrunn 

Bakgrunn for saka er vedtak av verbalpunkt 21 i samband med handsaming av budsjett- og økonomiplan 2024- 2027.

Kommunestyret ber kommunedirektøren om å presentere en sak for kommunestyret med forslag til mandat for en utredning av fremtidig organisering av oppvekstsektoren (barnehage og skole).
Utredningen skal i særlig grad belyse kvalitet, ressursutnyttelse, kompetanse, læringsmiljø og utvikling.
Kommunestyret er opptatt av at prosessen med utredningen er godt forankret, og ber kommunedirektøren om sikre medvirkning fra samarbeidsutvalg og de ansatte sine organisasjoner.

Prosjektmandatet blei vedteke av kommunestyret 21.februar 2024, med krav om at saka skal ut på høyring.

 

Del 1 av høyringa: Barns beste vurdering


Barnekonvensjonen art 3 og art 12, Grunnloven § 104 og forvaltningslova § 17 gir alle barn rett til å bli høyrt i saker som vedkjem dei, og at barns beste skal vere eit grunnleggjande omsyn. 

I ei barns beste vurdering treng ein eit breitt informasjonsgrunnlag, som ein deretter skal vurdere og vekte: Kva skal telje mest?  Endeleg skal ein vise barns beste vurderinga, gjennom å dokumentere kva som er lagt vekt på og grunngje dette. 

I denne barns beste vurderinga er det å innfri barns rettar (lovkrav), som bidreg til at me innfrir dei nasjonale mål for barnehage og skule, vekta høgast. Deretter kjem barns interesser og behov, og til slutt andre interesser og behov i saka.

Innspel frå medverknadsaktørar som er vekta høgt i denne barns beste vurderinga: 

  • Barns eigne syn og meiningar: 
    • Trygge og gode barnehagar og skular, der alle barn får hjelp og støtta dei treng. 
    • Barnehagar og skular der alle kan finne ein ven. 
    • Barna synes det har stor verdi å sykle eller gå til skulen. 
    • Bygga må vere trygge og gode.
    • Barn i barnehagane er ikkje høyrt direkte, men via føresette sine svar og innspel
  • Alle barn sin rett til å vere inkludert i fellesskap med andre, til å oppleve gode venskap 
  • Alle barn sin rett til å få utdanning av lærarar med godkjent kompetanse, eit likeverdig tilbod 
  • Alle barn sin rett til å få oppleve meistring, og få nok og kvalifisert hjelp når dei strevar 
  • Universelt utforma og helsefremjande bygg og anlegg, som gir likeverdig deltaking

 

Innspel frå medverknadsaktørar som også er viktige, men som har fått lågare vekting i barns beste vurderinga: 

  • Behov for skuleskyss 
  • Bustadprisar og bulyst 
  • Rekruttering av nye innbyggjarar
  • Nærmiljøverdiar, barnehage og skule lokalt 
  • Overgang til noko ukjent 
  • Søsken på same skule


Fullstendig barns beste vurdering i denne saka (DOCX, 388 kB)

Desse vurderingane ligg til grunn for vidare arbeid i saka.

 

Spørsmål 1: 

Er de samde i vurderingane av det som er vekta høgt i saka, og det som har lågare vekting i barns beste vurderinga?

  • Ja
  • Nei
  • Det er delte meiningar i saka (gi gjerne utfyllande svar i kommentarfelt)
  • Anna (gi gjerne utfyllande svar i kommentarfelt)
  • Veit ikkje

 

Kommentar: 

 

Del 2 av høyringa: Nå-biletet


Eit nå-bilete fortel korleis situasjonen er vurdert å vere i barnehagane og skulane våre, basert på områda som er definert i prosjektmandatet. (Kvalitet, ressursutnytting, kompetanse, læringsmiljø og utvikling.)

Dette er område som er viktige for å nå dei nasjonale sektormåla for utdanning i barnehage og skule.  Det er Norconsult som har skaffa informasjonsgrunnlag til nå-biletet. 

Heile nå-biletet får de ved å lesa rapporten til Norconsult. Ein kortversjon av rapporten får de ved å lesa samandraget side 5 - 9 i rapporten.

Rapport Norconsult (PDF, 15 MB)

De finn også utdrag frå rapporten i kommunestyresaka “Høyring framtidig organisering av oppvekst.”
 

 

Spørsmål 2:

Opplever de at nå-biletet/beskriving av situasjonen, slik det kjem fram av rapporten til Norconsult, gir eit realistisk bilete av slik tilbodet er i barnehagane og skulane i Sauda?

  • Ja
  • Nei
  • Det er delte meiningar i saka (gi gjerne utfyllande svar i kommentarfelt)
  • Anna (gi gjerne utfyllande svar i kommentarfelt)
  • Veit ikkje

 

Kommentar: 

 

 

Del 3 av høyringa: Framtidsbiletet

Framtidsbilete gir ei nærare beskriving av kva som er den ønska situasjonen, korleis me vil at barnehage- og skuletilbodet skal vere for barn og unge. 

Framtidsbiletet skal gi noko å strekke seg mot, og skal kunne realiserast uavhengig av kva struktur og organisering barnehagane og skulane har. 

Basert på dei nasjonale måla for barnehage og skule, og dei mange innspel me har fått til kva som er eit godt barnehage- og skuletilbod, er det formulert eit framtidsbilete som er slik:


Våre barnehagar, skular og SFO

- er ein stad med rom for mangfald, der alle opplever å bli sett, tolt og høyre til i leik og læring

- tilbyr alle barn eit leike- og læringsmiljø som fremjar god fagleg, sosial, emosjonell og fysisk utvikling

- har eit romsleg, fleksibelt og stimulerande fysisk miljø, ute og inne, der alle barn får vere aktive og lære gjennom å leike, eksperimentere, utforske og skape

- ser nærmiljøet som ei viktig kjelde for meiningsfull, praktisk og variert leik og læring

- har motiverte tilsette med oppdatert kompetanse, tid og ressursar til å tilpasse tilbodet til alle barn sine rettar, interesser og behov

- er ein arena for samskaping både mellom tilsette og med ulike tenester, som samla har kompetanse og erfaring til å løyse samfunnsoppdraget
 

 

Spørsmål 3: 

Meinar de framtidsbiletet gir ei god framstilling av kva som bør kjenneteikna barnehage- og skuletilbodet i Sauda?

 

  • Ja
  • Nei
  • Det er delte meiningar i saka (gi gjerne utfyllande svar i kommentarfelt)
  • Anna (gi gjerne utfyllande svar i kommentarfelt)
  • Veit ikkje


Kommentar:

 

 

Del 4 av høyringa: GAP-analyse

Ein GAP-analyse er ei vurdering av avstand mellom nå-biletet og framtidsbiletet. Om nå-biletet og framtidsbiletet er relativt like, gir det grunnlag for å sei at organiseringa me har nå er god. 

Om det er stor avstand (eit gap) mellom nå-biletet og framtidsbiletet, kan det vere grunnlag for å føreslå kompenserande tiltak i dagens struktur, eller endringar i struktur.

Det er prosjektgruppa og referansegruppa som har gjennomført GAP-analysen, basert på det lokalt utarbeidde framtidsbiletet. 

21 personar har gitt sine vurderingar. Desse representerer ungdommar, tilsette, tillitsvalte og føresette. 

Det er førebels rapport frå Norconsult som ligg til grunn for vurderingane, i tillegg til eigne erfaringar, opplevingar og synspunkt. Det er i lys av dette vurderingane må tolkast og brukast.

 

 

Spørsmål 4: 

Er de samde i dei vurderingane referansegruppa og prosjektgruppa har gjort i GAP-analysen? 

  • Ja
  • Nei
  • Det er delte meiningar i saka (gi gjerne utfyllande svar i kommentarfelt)
  • Anna (gi gjerne utfyllande svar i kommentarfelt)
  • Veit ikkje


Kommentar:

 

 

Del 5 av høyringa: Tiltak

I denne saka er tiltaka definert som kva organisering (struktur) som blir tilrådd for at framtidsbiletet og dei nasjonale målsettingane for utdanningstilbodet skal la seg realisera.

Norconsult har vurdert dei ulike alternativ/aktuelle tiltak på følgjande måte:

 

BARNEHAGE: 

 

 

SKULE: 

 

 

Spørsmål 5: 

 

5.1 Barnehage

Kommunestyret har vedteke at følgjande skal ut på høyring om barnehage:

Kommunestyret legg følgjande til grunn for vidare utvikling av oppvekstsektoren i Sauda kommune:

1.1 Sauda kommune vidarefører dagens barnehagestruktur (alternativ 0) i påvente av avgjerda om framtidig skulestruktur, jmfr alterantiv 0. Dagens kommunale barnehageplassar vidareføres.

a) Det blir utarbeidd ein plan for dei naudsynte investeringane knytt til oppgradering av dei kommunale barnehagane.

b) Ingen kommunale barnehagar skal over tid ha færre enn 30 barn, med omsyn til robuste fagmiljø. Om barnetalet i framtid blir sterkt redusert, ber kommunestyret kommunedirektøren om eiga sak kor naudsynte oppgraderingsbehov av omsyn til kapasitet, belyses og vurderes. 

 

a) Er de samde i kommunestyret sitt vedtak for barnehage?

  • Ja
  • Nei
  • Det er delte meiningar i saka (gi gjerne utfyllande svar i kommentarfelt)
  • Anna (gi gjerne utfyllande svar i kommentarfelt)
  • Veit ikkje

 

 

b) Dersom de svarar nei, delte meiningar, eller anna, kva alternativ ønskjer de?

  • Alternativ 0 + Dagens organisering (med oppgradering)
  • Alternativ 1a: Leggje ned Leabøen barnehage
  • Alterantiv 1b: Leggje ned Rustå barnehage
  • Alternativ 2: Ein kommunal barnehage, ved å byggje på ein av dei eksisterande
  • Det er delte meiningar i saka (gi gjerne utfyllande svar i kommentarfelt)
  • Anna (gi gjerne utfyllande svar i kommentarfelt)

 

Kommentar:

 

 

5.2 Grunnskule

Kommunestyret har vedteke at følgjande skal ut på høyring om grunnskule, del 1:

Kommunestyret legg følgjande til grunn for vidare utvikling av oppvekstsektoren i Sauda kommune:

1.2 Sauda skal i framtid ha ein felles barneskule

a) Kommunestyret ber kommunedirektøren om å iverksetje eit forprosjekt for utgreiing av ein ny felles barneskule i Sauda.

b) Kommunedirektøren blir bedt om å kome tilbake til kommunestyret med ei sak kor alternativ 3 b og alternativ 4 for skule er utgreidd og vurdert, jmfr. alternativ skissert i prosjektmandat vedteke av kommunestyret i sak 012/2024.

 

a) Er de samde i kommunestyret sitt forslag for grunnskule, del 1?

  • Ja
  • Nei
  • Det er delte meiningar i saka (gi gjerne utfyllande svar i kommentarfelt)
  • Anna (gi gjerne utfyllande svar i kommentarfelt)
  • Veit ikkje

 

 

b) Dersom nei, delte meiningar, eller anna, kva alternativ ønskjer de? 

  • Alternativ 0: Dagens struktur
  • Alternativ 0+: Dagens struktur, med oppgradering av alle bygg
  • Alternativ 2a: Samle 1. - 4.klasse ved ein skule og 5. - 7.klasse ved ein skule
  • Alterantiv 2b: To barneskular for 1. - 7.klasse.
  • Det er delte meiningar i saka (gi gjerne utfyllande svar i kommentarfelt)
  • Anna (gi gjerne utfyllande svar i kommentarfelt)

 

Kommentar:

 

 

5.3 Endring av barneskulestruktur i to steg

Kommunestyret har vedteke at følgjande skal ut på høyring om grunnskule, del 2:

Fram til det kan etablerast ein felles barneskule, ber kommunestyret kommunedirektøren iverksetje alternativ 2a frå og med skuleåret 2025-26, ref alternativ skissert i prosjektmandat vedteke i kommunestyret i sak 012/2024*. 

Tiltakets iverksettelse forutsetter at forprosjekt for ny felles barneskule er klar, særleg mtp lokalisering.  Kommunestyret ber også kommunedirektøren gjennomføre ei barns beste vurdering for tiltaket, målt opp mot alternativet med dagens organisering.

*I prosjektmandatet er det i alternativ 2a ikkje valt kva for skulebygg som skal utgjere 2a-alternativet. 

 

 

Er du samd med kommunestyret sitt forslag, del 2?

 

  • Ja
  • Nei
  • Det er delte meiningar i saka (gi gjerne utfyllande svar i kommentarfelt)
  • Anna (gi gjerne utfyllande svar i kommentarfelt)
  • Veit ikkje 

 

Kommentar:

 

 

5.4 Orientering om andre deler av vedtaket:

a) Kostnader til vidare arbeid blir innarbeidd i tertialrapport 2/2024, og i budsjett 2025.

b) Kommunedirektøren blir bedt om å koma tilbake med ei sak om etterbruk av skulebygg- og anlegg.

c) Kommunestyret legg saka ut på høyring, med høyringsperiode 24.juni  - 02.august.

 

 

 

Takk for at du tok deg tid til å gi innspel i ei viktig sak!