Prosjektmandat

Det er utarbeidd eit prosjektmandat som gir informasjon om prosjektet.  Det er kommunestyret som godkjenner prosjektmandatet. 

Prosjektmandatet skal sikre at prosjektgruppa har forstått kommunestyret si bestilling rett, slik at me leverer ei endeleg sak som er i tråd med den informasjonen kommunestyret ønskjer.

Vedteke prosjektmandat (PDF, 392 kB)

Prosess fram til godkjenning av endeleg prosjektmandat:

04.01.2024:

Versjon 1 av prosjektmandat blir sendt samarbeidsutval og fagrørsler for innspel. (PDF, 345 kB)

 

12. januar 2024:

Frist for innspel til versjon 1 av prosjektmandat. Samarbeidsutvala i barnehagane og skulane, samt fagrørsler er partar som kan gi innspel til utkast til prosjektmandat. (Versjon 1)

Sakshandsamar justerer prosjektmandatet basert på frå innkomne innspel og lagar ein versjon 2, som blir lagt fram for politiske råd og utval.

 

18. januar 2024:

Skrivefrist for politisk saksframlegg  om prosjektmandat  for prosjektet “Framtidig organisering av oppvekstsektoren.”

Kommunestyresak framtidig organisering av oppvekst

 

21. februar 2024:

Vedteke prosjektmandat (endringar merka gult) (PDF, 392 kB)