Rapport frå Norconsult, framtidig organisering av oppvekst i Sauda (PDF, 15 MB)
Norconsult gjennomfører oppdraget sitt i to deler:
Del 1:
Analyse og vurdering av kvalitet, basert på prosjektmandatet. Kommunestyret har bestilt ei utgreiing som omhandlar:
- Kvalitet
- Ressursutnytting
- Kompetanse
- Læringsmiljø
- Utvikling
Del 2:
Analyse, vurdering og tilråing av framtidig barnehage- og skulestruktur, basert på funn i første del (kvalitet).
Presentasjonar:
Del 1: 24.04.24
Jamfør prosjektmandatet blir dei første funn presentert på dialogmøte med kommunestyret og i foreldremøte for alle føresette i barnehagane og grunnskulane (1. - 10.klasse)
Presentasjon_Framtidas oppvekst Sauda - Presentasjon 24. april 2024 - delt med oppdragsgjevar (PDF, 2 MB)
Presentasjon frå Norconsult (PDF, 6 MB)
Del 2: 11.06.24
Jamfør prosjektmandatet kjem Norconsult for å presentere både del 1 og del 2 av rapporten på eit folkemøte 11.juni. I dialog med fagrørsler blir det også vurdert om det skal organiserast eit eige møte for tilsette i barnehage, skule og SFO i forkant av folkemøtet.
I forkant av dette møtet er fullstendig rapport frå Norconsult offentleggjort, og blir gjort tilgjengeleg på desse sider.
Politisk handsaming:
Saka skal ut på høyring, og det er kommunestyret som skal vedta korleis høyringssaka skal sjå ut. Framlegg til saka er klar for handsaming i ungdomsrådet 27.mai, og vil vere offentleg ca ei veke i forkant.