Spørsmål 1:
Hvilke kriterier blir satt til bygg- og uteområdet?
Svar:
Universell utforming av ute- og inneområdet er eit sentralt kriterium. Dette og andre kriterium kjem fram av Norconsult sitt arbeid, som blir lagt fram 24.april.
Spørsmål 2:
Savner representant fra PPT i referansegruppen. Får PPT mulighet til å si sin mening på en annen arena?
Svar:
Det er kommunestyret, gjennom vedtak av prosjektmandat, som har bestemt kven som skal vere med i referansegruppa. (Me har med langt fleire representantar frå kvar gruppe, enn dei kravde.)
PPT deltok i gruppeintervju med Norconsult, og er såleis representert i arbeidet. Elles er me samde i at PPT er ei viktig stemme inn i barnehage og skule. Dei fårogså høve til å gi innspel til høyringa, som kjem til sommaren.
I tillegg har både PPT og dei andre tenestene rundt barn og unge sendt inn informasjon til Norconsult om korleis dei er organisert, kor mange stillingar dei har m.m.
Spørsmål 3:
Er PPT med i noen gruppe?
Svar:
Viser til svar på spørsmål 2.
Spørsmål 4:
Hvor mye fokus blir det lagt på trygg skolevei?
Svar:
Først og fremst skal prosjektet sei noko om kvaliteten på tilbodet i barnehage og skule. Skulevegen er del av skuletilbodet og skal vere fysisk og psykisk trygg for alle barn og unge.
Frå prosjektmandatet:
“Læringsmiljøet skal vere helsefremjande, trygt og godt for alle. For barna i skulen inneber også dette skulevegen.”
Spørsmål 5:
I kor stor grad blir forskning nytta til arbeidet?
Svar:
Norconsult byggjer sitt arbeid på forsking om kva som er og gir gode barnehagar og skular. Det vil koma fram av prosjektrapporten frå dei.
Spørsmål 6:
Er der organisering først, så kvalitet?
Svar:
I dette utgreiingsarbeidet er det kvalitet som ligg til grunn. Organisering, dvs. kva struktur som blir foreslått for barnehage og skule i framtida, blir gjort på grunnlag av kva som gir den beste kvaliteten.
Ein kan samanlikne dette utgreiingsarbeidet med det som blei gjort på området økonomi, med den såkalla “PWC-rapporten.” Kommunestyret ønska eit faktagrunnlag og forslag til tiltak. Så var det kommunestyret som avgjorde kva tiltak dei ville gjennomføre. I dette utgreiingsarbeidet får kommunestyret eit faktagrunnlag om kvalitet. Organisering (struktur) blir forslag til tiltak, som det er opp til kommunestyret å ta ei avgjerd om. Forslaga kan bli å halde på dagens struktur, eller eit av dei andre alternativa i prosjektmandatet.
Spørsmål 7:
PPT og skolehelsetjenesten. Hvor er de?
Svar:
Viser til svar på spørsmål 2 og 3. Skulehelsetenesa har bidrege på same måte som PPT.
Spørsmål 8:
Er alle i Brakamoen, foreldre og ansatte, like involvert som de i kommunen?
Svar:
Brakamoen barnehage SA er ein privat barnehage, og Sauda kommune kan ikkje gjere vedtak som rammar denne barnehagen. Brakamoen barnehage SA får likevel tilbod om å gi innspel på dei same område som alle andre barnehagar, skular og fagrørsler. Dei er også godt representert i referansegruppa med tilsette, og har fått tilbod om å ha med føresette i referansegruppa.
Styret i Brakamoen barnehage SA har fått ein førespurnad om det er aktuelt for dei å bli kjøpt opp av Sauda kommune, i og med at dette er eit av alternativa til framtidig organisering. Det er eit heilt uforpliktnade spørsmål både for Brakamoen barnehage SA og Sauda kommune, fordi ein ikkje veit nå om dette er eit aktuelt og/eller ønska alternativ. Om styret i Brakamoen barnehage SA seier ja til dette, og kommunedirektøren vil tilrå dette i saka, er det likevel kommunestyret som vedtek om dette skal bli gjennomført.
Om styret i Brakamoen barnehage SA seier nei til å gå i dialog med Sauda kommune om oppkjøp, er dei ein barnehage som held fram med drift som før. Sauda kommune har eit rettleiings- og tilsynsansvar for barnehagen, i tillegg til å gi tilskot til drift. Utover dette har ikkje Sauda kommune eit ansvar.
Spørsmål 9:
Er det slik at Brakamoen barnehage SA ikkje har deltatt i Norconsult si undersøking på bygg og innhald?
Svar:
Det er rett. Sauda kommune gjer ei utgreiing av eigne barnehagebygg. Før styret i Brakamoen barnehage SA eventuelt seier ja til å gå i dialog med kommunen om oppkjøp, og kommunestyret vedtek dette, har ikkje Sauda kommune verken ein rett eller plikt til å ta inn Brakamoen barnehage SA som del av sitt utgreiingsarbeid.
Om det skulle bli aktuelt med eit oppkjøp av bygg, er det naturleg at Sauda kommune vil gjere vurderingar av kvaliteten på bygg og anlegg, før eventuelt gjennomføring.
Viser elles til svar på spørsmål 8.
Spørsmål 10:
Jeg har hørt at foreldre har fått en spørreundersøkelse å svare på. Gjelder denne spørreundersøkelsen for 1.klasse t.o.m 10.klasse?
Svar:
Det er føresette til barn i dei kommunale barnehagane og føresette til barn i barneskulane som har fått denne undersøkinga, i og med at det er desse einingane som er under utgreiing.
Spørsmål 11:
Uteområdene er allerede for små (Veslefrikk og dårlig på Fløgstad), hvordan klare å utbedre disse når tomten ikke gir mulighet til det?
Svar:
Det er godkjenningskrav for barnehage og skule, og uteområda ved både Veslefrikk barnehage og Fløgstad skule er godkjente etter dagens lovkrav. Både Fløgstad skule og Veslefrikk barnehage har utstyr på uteområda av nyare dato. Fløgstad skule fekk fornya leikeapparat i 2023. Det blir jobba med utbetringar av noko utstyr på Veslefrikk barnehage sitt uteområde.
Barnehagane og skulane våre har følgjande areal:
Spørsmål 12:
Tar ein hensyn til at barnetalla ikkje er i tråd med statistikken? At ein får større kull enn kva som er spådd?
Svar:
Norconsult får både fødselstala og dei reelle tala for barn i barnehagane og skulane våre, så det blir tatt omsyn til. De finn også informasjon om desse tala på denne sida.
Spørsmål 13:
Ønsker mer håndfast info. Eks. Hvor lang tid må elevene sitte på buss ved noen av alternativene? Vanskelig å ta stilling til viktige spørsmål som “vil du beholde strukturen slik som nå eller endre?”
Svar:
Norconsult har fått informasjon om kor lang reiseveg dei elevane som har lengst veg til skulen nå har. Utover dette blir reiseveg belyst som del av Norconsult sine utgreiingar.
På dette tidspunkt, før ein veit kva som blir tilrådd forslag til organisering i saksframlegget, kan ein ikkje sei noko om kva som blir reiseveg. Kanskje blir det som i dag, for alle? Kanskje blir det endringar for alle? For nokon? Ingen veit endå.
Det er lett å forstå at alle gjerne vil ha meir informasjon, men grunnlaget for dette prosjektet er nettopp å få meir informasjon for at kommunestyret skal kunne ta ei avgjerd.
Spørsmål 14:
Korleis vil ein måle kvalitet? Definisjon i dag gir lite rom for å måle.
Svar:
Til grunn for utgreiing av området kvalitet, ligg denne definisjonen i prosjektmandatet:
- Evne (kapasitet og kompetanse) til å tilby og oppretthalde eit miljø og gi eit tilbod som fremjar alle barn og unge sin trivsel, læring og utvikling. I dette ligg også kapasitet og kompetanse til å hjelpe alle barn/unge med det dei treng, når dei treng det. (Tidleg innsats.)
- I ein slik definisjon ligg det at ein skal vurdere kva som er det beste for barnet. Barn/unge si stemme, føresette si stemme (på vegne av barn/unge), og ei vurdering basert på fagleg kunnskapsgrunnlag skal vegast og vurderast opp mot kvarandre.
- I ei slik barns- beste-vurdering ligg det også at ein må sjå barnehagar, skular og SFO som ein viktig del av barns nærmiljø, og kva effekt ei endring av organisering kan ha for kvaliteten på nærmiljøet til dei barna som har barnehagar og skular i sitt buområde.
- Ein må naturleg sjå dei ulike faktorane saman, når ein skal vurdere kvalitet. Blant anna har fysiske omgjevnadar og kompetanse betydning for kvalitet
Me har nokre tal (fakta) som både seier noko om kompetanse og kapasitet, ift korleis Sauda ligg ift ulike normtal og ressursbruk. Vidare har me tal for spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning, nasjonale prøvar, elevundersøking osv. På eit anna område på denne informasjonssida, finn de ulike tal og resultat frå barnehagane og skulane våre. Desse kan gi noko informasjon om korleis me lukkast med å hjelpe elevane til læring. (Tidleg innsats.)
Norconsult har også synfart bygga våre, for å sjå korleis dei er i stand til å gi alle barn og unge eit inkluderande tilbod.
Men, dette er berre det me kan telja. Som iallefall alle som arbeidar i barnehage og skule veit, så er det ikkje alt som kan teljast som tel, og alt som tel som kan teljast. Derfor er det lagt vekt på gruppeintervju, der dei tilsette har fått uttalt seg om korleis dei opplever å greie å hjelpe alle barn og unge. Korleis barnehagane og skulane våre fungerer.
Det same har støttetenester som PPT, barnevern, barne- og familieteam og helsestasjon gjort. Likeeins leiar for bygg og reinhald, IKT og kommunenivå. Det er mange som er involverte for å skape god kvalitet i barnehage og skule for alle barn og unge.
Vidare er det gjennomført spørreundersøking blant 5. - 7.klasse, føresette og tilsette.
Kvar og ei undersøking åleine er ikkje nok, det er når ein ser dei saman det kan gi eit bilete.
Spørsmål 15:
Hvor stor innvirkning har referansegruppen på prosjektet?
Svar:
Referansegruppa er i ein viktig posisjon til å kome med innspel til prosjektet. Alle innspel blir vurdert av prosjektgruppa. Gode og konkrete innspel/forslag som kan gjere prosjektet betre, innanfor det vedtekne prosjektmandatet, er kjærkomne.
Spørsmål 16:
Blir det “mellomarbeid” for deltakerne i referansegruppen i tidsrommet mellom de oppsatte møtene?
Svar:
Det er ikkje lagt opp til mellomarbeid mellom dei oppsette møta. Om det blir aktuelt, blir det dialog om dette med deltakarane.
Spørsmål 17:
Korleis er inneklima i dei ulike bygg/anlegg? Det har kome innspel om at det er dårleg luftkvalitet på Fløgstad skule.
Svar:
Alle våre skular har jamlege målingar av luftkvalitet og temperatur, i tillegg til radon. Målingane også for Fløgstad skule er tilfredsstillande, og etter det me kjenner til er dei også det for dei andre skulane.
Ein har tilsvarande kontroll og målingar for Rustå og Veslefrikk barnehage. Leabøen barnehage manglar SD-anlegg, og dermed får ein ikkje målt varme og ventilasjon på same måte. Radon blir målt også i Leabøen.
Spørsmål 18:
Har ein tenkt over at det kan vere utfordrende for enkeltpersoner/foresatte å skrive høringsuttale i ferietid? At ein føler seg gjerne avhengig av SU i den tiden?
Svar:
Det er eit godt spørsmål som det ikkje er gjort vurderingar kring endå. Me må sikre at alle som ønskjer å gi eit innspel får gjort dette. Me vil sjå på korleis me kan møte eventuelt slike behov.
Spørsmål 19:
Skal vi i denne referansegruppen være med på å tenke nye forslag til hvordan vi vil ha det i fremtiden om skole/barnehage. (Antall skoler/barnehager)
Svar:
I møtet 13.mai vil de få kome med innspel til saka om høyring framtidig organiseringa av oppvekst. I det møtet vil også Norconsult sine forslag til løysingar bli lagt fram, og drøfta, av referansegruppa. Referansegruppa får dermed koma med sine vurderingar av Norconsult sine forslag, og evnt. andre vurderingar kring alternativ.
Spørsmål 20:
Blir mental helse prioritert på lik linje som fysisk helse?
Svar:
Barna skal ha eit trygt og godt både psykososialt og fysisk miljø, så det er viktig at begge perspektiv er med i dei vurderingar ein gjer i saka.
Spørsmål 21:
Savner diskusjon rundt de ulike alternativene, ikke bare endring/ikke endring. Før Norconsult er ferdig.
Svar:
Viser til svar på spørsmål 19. Sjølv om Norconsult har gjort sitt arbeid, så kan alternativa framleis bli drøfta. Det er lagt vekt på å skaffe eit faktagrunnlag, før ein drøftar alternativ. Det blir lagt vekt på at tiltak skal vere kunnskapsbaserte, og tiltak i denne saka er dei ulike alternativ til organisering/struktur for framtida. Det er grunnen til at me brukar god tid på drøftingar og vurderingar kring kvalitet. Kva skal telje mest på vekt-skåla?
Spørsmål 22:
Har Brakamoen barnehage SA sagt nei til kommunal overtaking?
Svar:
Det er rett at styret i Brakamoen barnehage SA har vedteke at dei ønskjer å halde fram som ein privat barnehage, i godt samarbeid med kommunen. Dermed er alternativ 2 i prosjektmandatet ikkje eit aktuelt alternativ/det blir ikkje utgreidd.
Alternativ 2 er: Leggje ned ein kommunal barnehage og be om kommunal overtaking av Brakamoen barnehage SA.
Alternativ 3 står framleis ved lag: Ein felles kommunal barnehage ved å byggje på ein av dei eksisterande. (Forutsatt fortsatt privat drift av Brakamoen barnehage SA.)
Spørsmål 23:
Har Norconsult fått tilbakemelding på at noen av spørsmålene i spørreundersøkelsen var vanskelig og førte til mye “vett ikke" svar?
Svar:
Me skal møte Noronsult neste veke, og vil ha dialog med dei om dette. Det er også viktig å vere merksam på at spørreundersøkelsen er berre ein bit av eit større bilete Norconsult brukar som informasjonsgrunnlag. Det at tilsette svarar “veit ikkje” på desse spørsmåla er også eit svar. Gir me god nok informasjon på dei ulike områda? Fleire av spørsmåla er også berre aktuelle å svare på for føresette som har barn med spesialpedagogisk hjelp/-undervisning. Det er viktig at desse føresette også får ein stad der dei kan gi sine tilbakemeldingar, fordi dei er føresette til ekstra sårbare barn og unge, som treng at nokon talar på vegne av dei.