Ekstern vurderingLytt til tekstenStopp avspillingBarnehage- og skuleeigar skal ha eit forsvarleg system for å følgja opp at barnehagane og skulane i kommunen møter lovkrav. Ekstern vurdering er ei kvalitetsvurdering av tenestene. Sauda kommune har eit samarbeid om gjennomføring av ekstern vurdering med Vindafjord og Suldal kommune. System for kvalitetsutvikling, VISS-kommunane (Vindafjord, Suldal og Sauda) Føremål Ekstern barnehage- og skulevurdering er eit verktøy for kvalitetsvurdering av barnehagen eller skulen. Det blir også brukt som støtte for barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling. Ekstern vurdering skal styrkja barnehagen og skulen som lærande organisasjon. Lovgrunnlag Barnehagemyndighetens ansvar §10 Skuleeigars ansvar for arbeid med kvalitetsutvikling, §13-3 e Organisering av arbeidet Sauda og Suldal kommunar samarbeidar om gjennomføring av ekstern vurdering. Suldal har hovudansvar for gjennomføring av ekstern vurdering i Sauda, og Sauda har hovudansvar for gjennomføring av ekstern vurdering i Suldal. Målet er å få eit eksternt blikk på verksemda. Ekstern vurdering blir gjennomført av eit team på tre personar: Pedagogisk rettleiar for barnehage/skule i nabokommunen. PP-kontakt heimkommunen. Ein styrar frå nabokommunen ved ekstern vurdering barnehage, ein rektor el. inspektør frå nabokommunen ved ekstern vurdering skule. Styrar/rektor/inspektør får delta ca kvart 4. - 8. år på ekstern vurdering. (Alt etter tal deltakakarar.) Gjennomføringa tar ca 4 dagar for styrar/rektor/inspektør som deltek i arbeidet. I tillegg blir interkommunal utviklingsrettleiar invitert til å bli med. Fagrådgjevar har rotasjonsplan for deltaking i ekstern vurdering, i samarbeid med kommunalsjef og einingsleiar PPT. Ved oppstart av barnehage- og skuleåret blir det klart kven som skal delta i årets ekstern vurdering, og fagrådgjevar kallar inn partane i kalender, på dei aktuelle datoar/dagar. Einingsleiar for barnehage/skule får også melding via innkalling i kalender om periode for gjennomføring av ekstern vurdering. Fagrådgjevar har fagansvar for det organisatoriske rundt gjennomføringa. Styrar/rektor/inspektør og PPT-kontakt er med på gjennomføring med observasjon, intervju, analyse og vurdering. Fagrådgjevar skriv rapport og har ansvar for å leggja denne fram. Ved å delta i gjennomføring av ekstern vurdering får styrar/rektor/inspektør god innsikt som kan gi hjelp og støtte til kompetanseutviklingsarbeid i eigen organisasjon/utvikling av lærande organisasjon. Kommunalsjef og fagrådgjevar i vertskommunen deltek når rapporten blir lagt fram for tilsette. Rotasjonsbasert ekstern vurdering gjennomføres i perioden oktober - november. Risikobasert ekstern vurdering gjennomføres når kommunalsjef vurderer det som eit behov. Steg 1: Utval av barnehagar og skular til ekstern vurdering Rotasjonsbasert utval Alle barnehagar og skular skal med jamne mellomrom få ekstern vurdering.Ekstern vurdering er vurdert å ha verdi for kvar barnehage og skule som rettleiing og støtte til eige kvalitetsutviklingsarbeid og innfrielse av lovkrav.Ekstern vurdering har som målsetting å gi fart og retning til det barnehage- og skulebaserte kompetanseutviklingsarbeidet. Barnehagane og skulane i Sauda vil få ekstern vurdering etter rotasjonsmodell kvart 4.år. Rotasjon ekstern vurdering Sauda kommune Rotasjon ekstern vurdering Sauda kommune Eining/år Vår 2022 - PILOT Haust 2022 2023 2024 2025 Barnehage Brakamoen barnehage SA Leabøen barnehage Rustå barnehage Veslefrikk barnehage Brakamoen barnehage SA Skule Austarheim skule Risvoll skule Sauda ungdomsskule Fløgstad skule Risikobasert utval Om eigar får informasjon som gir uro for om det skjer alvorlege regelbrot på eit eller fleire område i ein barnehage eller skule, kan ekstern vurdering bli gjennomført. Denne ekstern vurdering kjem i tillegg til rotasjonsbasert ekstern vurdering. Alvorlege regelbrot inneber at det kan ha store negative konsekvensar for barn, unge, vaksne eller lærlingar. Informasjonen til eigar kan koma via munnlege og/eller skriftlege tilbakemeldingar/klager frå barn, unge, føresette eller tilsette, avvik, resultat frå ulike målingar og/eller undersøkingar. Lista over aktuell informasjon er ikkje uttømmande. Eigar gjennomfører ei risikovurdering basert på den informasjonen ein har på aktuelle område, og ut frå dette konkluderer eigar med om det er behov for å gjennomføra ei ekstern vurdering, eller ei. Risikovurdering med begrunna konklusjon skal bli dokumentert. Steg 2: Område/tema for ekstern vurdering Rotasjonsbasert ekstern vurdering Ved rotasjonsbasert ekstern vurdering blir område/tema det same som barnehagen/skulen har valt for sitt barnehage- og skulebaserte kompetanseutviklingsarbeid valt. Ved rotasjonsbasert ekstern vurdering blir framtidsbiletet barnehagen/skulen har laga for sitt barnehage- og skulebaserte kompetanseutviklingsarbeid sentralt som vurderingsgrunnlag. I tillegg blir aktuelle lovkrav på området sentrale. Risikobasert ekstern vurdering Ved risikobasert ekstern vurdering blir område/tema for ekstern vurdering valt ut ut frå informasjonsgrunnlag og risikovurdering. Det er i hovudsak lovkrav på området som blir grunnlag for vurdering ved risikobasert ekstern vurdering. Det er eigar som ber om ekstern vurdering ut frå informasjonsgrunnlag. Eksterne vurderarar gjennomfører analyse og risikovurdering av informasjonen. Steg 3: Informasjon til barnehagen/skulen i forkant av gjennomføring 1. Informasjonsskriv til barnehage/skule Barnehagen/skulen som skal ha ekstern vurdering får eit informasjonsskriv der det står noko om kva som skal skje og når det skal skje. Ved rotasjonsbasert ekstern vurdering får dei skrivet ca tre månadar i forkant av gjennomføring. Ved risikobasert ekstern vurdering får dei skrivet minst ei veke i forkant. Det avheng av alvorsgrad i informasjon. Det er fagleg ansvarleg som sender ut informasjonsskriv. (Pedagogisk rettleiar.) Informasjonsskriv som sendes ut. 2. Informasjonsmøte Barnehagen/skulen kan invitera fagleg ansvarleg (avsendar av informasjonsskriv) for ekstern vurdering til eit informasjonsmøte der dei får informasjon om metodikken, oppgåver og ansvar i god tid før gjennomføring av vurdering. Styrar/rektor inviterer med seg heile eller deler av personalet, representantar frå barn/unge, tillitsvalte og foreldrerepresentantar til møtet. Presentasjon av ekstern vurdering. Steg 4: Styrar/rektor sender inn informasjon Det kjem fram av informasjonsskrivet kva informasjon styrar/rektor skal senda til fagleg ansvarleg for gjennomføring av ekstern vurdering. Desse dokument er aktuelle: Barnehagen/skulen sin utviklingsplan. Årsplan (barnehage/SFO) Framtidsbiletet til barnehagen/skulen. Referat frå personalmøter som dokumenterer oppfølging av utviklingsplan. For skule omfattar dette også SFO. Referat frå møter som dokumenterer involvering av barn/unge og føresette i utviklingsarbeidet. Dagsrytme Romplan (skule) I tillegg vil vurderarane be om tilgang til aktuelle resultat/informasjon som ikkje er del av det offentlege kvalitetsvurderingssystemet, t.d. medarbeidarundersøking, ståstadsanalyse, aviksstatistikk, statistikk over stafettloggar, aktivitetsplanar, risikovurderingar m.m. Lista er ikkje uttømmande, annan informasjon kan også vera aktuell. Steg 5: Vurderingsteamet samlar seg - gjennomgang av innsendt dokumentasjon og tidsplan for gjennomføring Vurderingsteamet får presentert tilsendt dokumentasjon. Framtidsbiletet til barnehagen/skulen er utgangspunktet for gjennomgang av dokumentasjonen. Teamet blir samde om kva dei vil sjå etter under observasjon og lagar samtaleskjema for samtalane. Observasjonar og intervju skal gi eit utfyllande bilete av om barnehagen/skulen er på rett veg ift å bli ein barnehage/skule som er slik framtidsbiletet seier dei ønskjer å vera. Tidsbruk: 1 arbeidsdag. Steg 6: Utval av barn/unge, føresette og tilsette som skal delta i samtalar Styrar/rektor vel ut barn/unge som skal delta i samtalar. Vurderingsteamet vil snakka med ca to barn/unge frå kvar avdeling/klasse/SFO. Foreldrekontaktar/klassekontaktar er ønska som representantar frå føresette. Vurderingsteamet ønskjer å snakka med alle tilsette, ved større skular blir det gjort eit utval. Vurderingsteamet vil ha uformelle samtalar med tilsette gjennom dagen, t.d. ved lunsj, i utetid/friminutt o.l. Innhaldet i desse samtalane vil også bli vektlagt. Steg 7: Informasjon om tidsplan og organisering av gjennomføring Styrar/rektor får tilsendt ein tidsplan for gjennomføring av arbeidet i vurderingsveka. Styrar/rektor fyller ut manglande informasjon (rom m.m), og sender tilbake til fagleg ansvarleg for vurderingsarbeidet. Samtaleskjema blir også tilsendt. Styrar/rektor presenterer tidsplan og samtaleskjema for barn/unge, føresette og tilsette som skal delta i ekstern vurdering. Styrar/rektor kallar inn til aktuelle møte, slik dei kjem fram av tidsplanen. Felles elev- og personalmøte (skule) Personalmøte (barnehage) Foreldremøte Steg 8: Gjennomføring av vurderingsveka Vurderingsveka går over 3 dagar. Oppstart er ofte tysdag, med avslutning torsdag. Tysdag: Vurderingsteamet møter styrar/rektor og personalet tysdag morgon. Kort gjennomgang av dagen og praktiske spørsmål. Tilsette på kvar avdeling/i kvar klasse friskar opp informasjon til "sine" barn/unge om kven vurderingsteamet er, og at dei vil koma for å sjå (observera) på avdelingar/i klassar/SFO. Gjennomføring av samtalar. Evalueringsmøte vurderingsteam: Kva har me tydeleg sett av god praksis? Kva er me usikre på? På kva område innan vurderingstema ser det ut til at barnehagen/skulen har utfordringar? Onsdag: Gjennomføring av samtalar. Evalueringsteam: Analyse og vurdering av funn: Kva er barnehagen/skulen sine sterke sider jmfr. vurderingstemaet? På kva områder innan vurderingstemaet kan praksis til barnehagen/skulen bli forbetra? Spørsmål til refleksjon som kan hjelpa barnehagen/skulen med å koma vidare i sitt utviklingsarbeid, etter vurderingsveka. Rapportskriving Torsdag: Rapportskriving Presentasjon av innhald i rapport. Den blir først presentert for barnehage/skuleleiing. Rapporten blir presentert for barn/unge (tilpassa alder) og personalet. Rapporten blir presentert for foreldrerepresentantane. Steg 9: Oppfølging 1. Dela informasjon: Rapporten frå ekstern vurdering er eit offentleg dokument, og skal bli gjort tilgjengeleg på barnehagen/skulen sine heimesider. Rapporten skal også bli sendt heim til føresette via det digitale kommunikasjonssystemet til barnehagen/skulen. 2. Drøfting av rapport: Styrar/rektor har ansvar for at rapporten blir drøfta i alle rådsorgan. Dette skal involvera barn/unge, tilsette og føresette. Rådsorgana skal få koma med innspel til kva dei vurderer kan vera gode tiltak, som oppfølging av rapporten. 3. Revidering av utviklingsplan: Innhald i rapporten og innspel frå barn/unge, tilsette og føresette skal føre til vurdering av behov for å revidera barnehagen/skulen sin utviklingsplan. 4. Informasjon til barnehage-/skuleeigar: Revidert utviklingsplan, med begrunning for endringar/justeringar, blir sendt til kommunalsjef. Er det ikkje vurdert som eit behov å revidera utviklingsplan, blir begrunning for dette sendt til kommunalsjef. 5. Tema i årleg statusmøte: Styrar/rektor skal i årleg statusmøte leggja inn informasjon om ekstern vurdering, tilstandsrapport og kva vurderinga har tilført utviklingsarbeidet ved barnehagen/skulen. Publisert av Målfrid Selvik Årthun Publisert 13.10.2021 14.44