Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Ein klassekontakt frå kvar klasse er medlem av FAU. FAU er foreldra sitt arbeidsutval, og er å sjå som tillitsvalte på vegne av andre føresette.
- Det er rektor som har ansvar for at FAU blir konstituert.
- Konstituering av FAU inneber at det blant medlemmene blir valt:
- FAU skal vera konstituert før 15.september, årleg.
- I konstitueringsmøtet blir det også sett opp ein møteplan.
- Leiar i FAU deltek også i kommunalt foreldreutval for barnehage og skule, samt skulemiljøutval (SMU) og samarbeidsutval (SU).
- Nestleiar deltek også i SMU og SU.
- (SMU og SU har felles møtedato, fordi dei flestemedlemmer deltek i begge møte.)
- FAU er eit rådsorgan som kan uttala seg og gi råd om det som vedkjem drift og utvikling ved skulen.
- FAU har ingen beslutningmynde for det som skjer ved skulen, det har kun SU.
- FAU er foreldrekontaktar for alle føresette ved skulen.
- Det blir gitt opplæring til nye klassekontaktar, årleg. FAU-rolla blir også del av denne opplæringa.
- Representantane blir kalla inn til opplæring før haustferien.
- Det er FAU-leiar, som i samarbeid med sekretær, kallar inn til FAU-møte.
- FAU-leiar har ansvar for å ta kontakt med sekretær om innhald i saklista, og avtala utsending.
- Til vanleg møter ikkje rektor i FAU-møta, det er føresette sitt eige forum.
- Ønskjer FAU å ha rektor med, kan dei invitera med han/ho i ei sak, eller fleire saker.
- Rektor er tilgjengeleg på skulen når FAU-møtet blir avhalde, om ikkje anna er avtalt.
- FAU styrer sjølv når dei vil ha sine møte, om dei vil ha dei fysisk og/eller digitalt.
- FAU set opp ein møteplan i første møte, når dei er konstituert.
- FAU-leiar set også opp faste samarbeidsmøte med rektor, for å ha dialog om aktuelle saker.
- Det kan vera lurt å ha møte i forkant av kommunalt foreldreutval (KFU), skulemiljøutval (SMU) og/eller SU (samarbeidsutval), om det er saker FAU-leiar treng innspel til, og/eller FAU-leiar skal spela inn som sak frå FAU.
- Under vises oversikt over møte i andre rådsorgan.
- Det kan vera nokre tilpassingar på kvar skule, etter behov.
Publisert av Målfrid Selvik Årthun
Publisert 19.03.2021 11.21