Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Kommunalt foreldreutval for barnehage og skule (oppvekst) - KFU-O
Sauda har organisert eit felles rådsorgan for føresette i barnehagar og skular, offentlege og privat. KFU-O står for kommunalt foreldreutval for oppvekst.
- Skal fremja føresette sine synspunkt for administrative og politiske beslutningsorgan.
- Høyringsorgan i alle saker som vedkjem barn og unges oppvekst- og opplæringsmiljø.
- Skal fremja erfaringsutveksling og foreldresamarbeid.
- Foreldrerepresentant frå kvar barnehage og FAU-leiar ved kvar skule utgjer saman KFU-O.
- Det blir valt leiar og nestleiar blant KFU-O medlemmene.
- Pedagogisk rettleiar i Sauda kommune er sekretær.
- Pedagogisk rettleiar kallar inn til først møte mellom 15.09 og 01.10, årleg. I dette møtet blir KFU-O konstituert.
- Innkalling til- og referat frå KFU er offentlege dokument og blir lagra i kommunens arkivsystem.
- Pedagogisk rettleiar tar kontakt med leiar for KFU-O i forkant av møtet, for å bli samde om sakliste.
- Alle medlemmer kan spela inn saker som er aktuelle for dei, og/eller saker som dei har drøfta i eigne FAU/SMU/SU og som dei ønskjer skal drøftast i KFU-O.
- Pedagogisk rettleiar kan også spela inn saker som er ønska tilbakemelding på.
- KFU-O kan ta opp saker dei ønskjer skal drøftast i FAU/SMU/SU ved barnehagane/skulane.
- Datoar for møte blir fastsett i første møte, som pedagogisk rettleiar kallar inn til.
- KFU-O kan ha fleire møte, om aktuelle saker dukkar opp.
- KFU-O blir samde om dei ønskjer å gjennomføra fysiske og/eller digitale møte.
Publisert av Målfrid Selvik Årthun
Publisert 13.10.2021 14.46