§ 11-1a.
Skulemiljøutval ved grunnsko\lar
Ved kvar grunnskule skal det vere eit skulemiljøutval. I skulemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen vere representerte. Skulemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og føresette til saman er i fleirtal.
Samarbeidsutvalet kan sjølv vere skulemiljøutval. Når samarbeidsutvalet fungerer som skulemiljøutval, må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at dei samla får fleirtal.
Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla i skulemiljøutvalet. Når elevane ikkje er til stades, skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarsande bortfallet av elevrepresentantane sine stemmer, eller talet på foreldrerepresentantar aukast tilsvarande.
Skulemiljøutvalet skal medverke til at skulen, dei tilsetja, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skapa eit godt skulemiljø. Skulemiljøutvalet har rett til å uttala seg i alle saker som gjeld skulemiljøet, jf. kapittel 9a