Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Foreldremøte i grunnskulen
Skulen har eit ansvar for å halda kontakt med føresette gjennom opplæringsåret. Foreldremøtet er ein måte å organisera denne kontakten på.
Alle grunnskulane i Sauda har som hovudregel to foreldremøte per skuleår.
God informasjon til føresette kan bidra til å letta overgangen for barn og unge.
Foreldremøter
- Foreldremøte før oppstart i 1.klasse blir avhalde like etter påskeferien det året barnet skal starta på skulen.
- Det er rektor som kallar inn til, og leiar møtet. Om mogleg blir også kommande kontaktlærar med i møtet.
- Rektor inviterer også helsesjukepleiar med til møtet, slik at han/ho kan gi helsemessig informasjon om skulestart.
- Elles får føresette informasjon om skulekvardagen, om pliktar, rettar og samarbeid.
- Det blir valt to klassekontaktar i dette møtet.
- Foreldremøte ved oppstart i 8.klasse blir halde i løpet av dei to første skulevekene.
- Elles får føresette informasjon om skulekvardagen, om pliktar, rettar og samarbeid.
- Det blir valt to klassekontaktar i dette møtet.
- Skulen skal i starten av kvart opplæringsår ha eit foreldremøte der føresette informerast om skulen, innhaldet i opplæringa, medverkinga til foreldra, rutinar og anna som er relevant for foreldra. (Forskrift til Opplæringslova § 20-3)
- Dette foreldremøtet kan delvis organiserast som eit felles informasjonsmøte for fleire klassar/alle klassar ved skulen.
- Det skal vera ein klassedel av foreldremøtet. 20 minutt av denne delen skal vera føresettes eige møte.
- Det er klassekontaktane som har ansvar for denne delen av møtet. (20 min)
- Kontaktlærar er tilgjengeleg på skulen, men er ikkje deltakar i denne delen.
- Kontaktlærar kan vera deltakar om klassekontaktane ber om dette.
- Klassekontaktane kan få innspel frå føresette til ønska innhald i denne delen, og/eller bruka tips frå kommunalt foreldreutval til innhald i møtet.
- Dette foreldremøtet skal bli avhalde før haustferien, årleg.
- Mal som kan brukast til innkalling haust (DOCX, 22 kB).
- Sakliste for foreldremøtet vår blir til i samarbeid mellom kontaktlærar og klassekontaktar.
- Kontaktlærar har ansvar for å ta kontakt med klassekontaktar i forkant av planlegging av foreldremøte vår.
- Klassekontaktane ber om innspel frå føresette i klassen til kva dei ønskjer å ta opp/saker.
- Har ikkje føresette innspel, set klassekontaktar og kontaktlærar opp saklista saman.
- Minst 20 minutt av foreldremøtet skal vera føresettes eige møte.
- Det er klassekontaktane som har ansvar for denne delen.
- Kontaktlærar er tilgjengeleg på skulen, men er ikkje deltakar i denne delen av møtet. Kontaktlærar kan vera deltakar om klassekontaktane ber om dette.
- NB! Klassekontaktane har ansvar for at det blir valt to klassekontaktar frå og med kommande skuleår i dette møtet. (Dagens klassekontaktar sit til nye er valt.)
- Foreldremøtet vår skal som hovudregel bli gjennomført før påskeferien, årleg.
- Mal som kan brukast til innkalling vår (DOCX, 29 kB)
- Ei anna form for organisering av foreldremøte kan vera der elevar og føresette er saman.
- Det kan vera elevar, føresette og/eller kontaktlærar som tar initiativ til eit slikt møte. Andre føresette kan ta initiativ via klassekontaktane.
- Heile, eller deler av, foreldremøtet både haust og vår kan bli organisert som eit fellesmøte for elevar og føresette.
- Eit slikt møte kan også inngå som eit av dei to klassemiljøtiltaka klassekontakt har ansvar for.
- Ved behov kan ein også ha dette som eit ekstra foreldremøte, utover dei faste. Kontaktlærar og klassekontaktar har dialog om dette.
- Eit slikt foreldremøte kan vera eit klokt grep i klassar der det er behov for tiltak for å betra klassemiljøet for ein eller fleire barn/unge. Det er også ei god organisering for å sikra elevinvolvering og - medverknad.
- Elevane kan ha som ansvar å organisera eit slikt møte som del av skulearbeidet. Klassekontaktane har dialog med kontaktlærar om dette.
- Elevane kan gi informasjon om skulen, og det kan bli laga ulike problemstillingar føresette og elevar skal drøfta. Desse kan vera knytt til utfordringar i klassemiljø, eller meir generelle spørsmål det er nyttig å drøfta. Tips til innhald kan du finne her.
- Tips til organisering av drøftingar:
- Det kan vera lurt å organisera desse slik at barn/ungdom og føresette er i grupper med 4-5 personar i kvar.
- Føresette og elevar bør vera blanda. Enten 50 - 50, eller elevar i fleirtal.
- Ein kan gjerne rotera kven som sit kor i løpet av møtet, slik at alle blir kjend med fleire. T.d drøfte ei problemstilling, så skifte grupper.
- Føresette og barn/ungdom frå same familie bør/kan gjerne sitja atskilt.
Publisert av Målfrid Selvik Årthun
Publisert 25.02.2021 20.48