Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Foreldresamtale i barnehagen
Barnehagen har eit ansvar for å halda kontakt med føresette gjennom barnehageåret. Dette blir blant anna gjort gjennom foreldresamtalen.
- Føresette får innkalling til foreldresamtale av pedagog.
- Saman med innkallinga får føresette tilsendt samtaleskjema, slik at dei kan sjå på dette heime i forkant av samtalen.
- Føresette får tidsoppsett av alle foreldresamtalane, og har sjølv ansvar for å ta kontakt med andre føresette ved behov for byte av tid.
- Føresette melder frå til pedagog om dei bytar tid med andre.
- Passar ikkje oppsett tidspunkt, og det ikkje høver med byte, tar dei kontakt med pedagog for ny tid.
- Minst ein av dei føresette deltek i foreldresamtalen.
- Barnehagen oppmodar føresette om å møta saman til foreldresamtalen, sjølv om dei er fråskilte.
- Unntaksvis kan barnehagen organisera to foreldresamtalar for barn/unge med fråskilte foreldre.
- Det er som hovudregel pedagog som møter frå barnehagen.
- Det blir gjennomført foreldresamtalar årleg i september/oktober og i mars/april.
- Det blir sett av 30 minutt til kvar samtale.
- Føresette kan be om ny tid for samtale om dei gløymde, eller av andre årsakar ikkje møtte opp til den avtalte tida.
- Det er ønskja at samtalen har form som dialog, der ein "kastar ball" med kvarandre om det ein ønskjer å snakka om.
- Føresette kan koma med eigne innspel til kva dei ønskjer skal vera innhald i samtalen.
- Utover dette brukar barnehagen følgjande skjema som grunnlag for dialog. (DOCX, 32 kB)
Publisert av Målfrid Selvik Årthun
Publisert 13.10.2021 14.45