Føresettes bidrag til eit gode klasse- og skulemiljø
"Når mitt barn har det godt, har ditt barn det godt. Når ditt barn har det godt, har mitt barn det godt."
- Miljøet i ein klasse og ved ein skule er avhengig av at alle elevar har det bra med seg sjølv og kvarandre.
- Om eit eller fleire barn/ungdom trivst dårleg, kan det ramma alle sitt klasse- eller skulemiljø på ein negativ måte.
- Det er skulen sitt hovudansvar å ta hand om dette, men med føresette på eit samla lag blir arbeidet betre og får styrkja effekt.
- Forsking viser at føresette som er engasjert og involvert i skulen, og snakkar positivt om den overfor barn og unge, kan ha ei avgjerande rolle for eit godt klasse- og skulemiljø.
- Føresette som ser verdien av at alle barn og unge kjenner seg inkludert, har vener og får vera med i fellesskapen også på fritid, kan utgjera ein stor skilnad.
- Føresette som er rause, og som kan og vil gjera ein ekstra innsats også for barn og unge som via haldningar eller handlingar kan koma til å støta andre frå seg, kan ha ein særskilt stor verdi.
- Desse sårbare barn og unge treng eigne og andres føresette som ikkje "snur ryggen til" - som aldri gir dei opp.
- Dei treng vaksne som hjelper dei til å regulera seg inn i fellesskapen.
- I alle klassar, ved alle grunnskulane i Sauda, har føresette ansvar for å organisera to klassemiljøtiltak årleg. Det er sosialkontakten som har eit hovudansvar for å sikra at det blir gjennomført.
- "Vaksne skapar venskap."
- Som bidrag til arbeidet med å laga eit godt klassemiljø, har føresette i saudaskulen eit ansvar for at det blir organisert minst to klassemiljøtiltak årleg.
- Eit haust og eit vår. Gjerne like etter skulestart og vinterstid, når det er roleg med annan organisert aktivitet.
- Det er den valte sosialkontakten (klassekontakt) som har ansvar for at det blir organisert og gjennomført slike tiltak:
- Sosialkontakten kan delegera ansvaret til andre føresette.
- Sosialkontakten ber kontaktlærar senda ut aktuell informasjon om tid, stad og aktivitet.
- Aktivitetane skal vera enkle å organisera og gjennomføra.
- Aktivitetane skal også inkludera alle, dvs. at kostnad, oppfølging, transport, e.l ikkje skal hindra nokon elevar frå og delta.
- Aktivitetane bør leggja opp til at føresette flest deltek, slik at også dei kan bli kjende på meir uformelle arenaer.
- Badetur
- Aketur
- Grillsamling i hage, strand e.l
- Tur i nærmiljøet
- Leik i skulegarden
- Felles foreldremøte med elevar og føresette, der dialog står sentralt.
- "Det enkle er ofte det beste" bør vera eit berande prinsipp for val av aktivitet.
Publisert av Målfrid Selvik Årthun
Publisert 13.10.2021 14.45