Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Samhandling barnehage - skule
- Samarbeid mellom føresette, PPT, barnehage og skule om overgang for barn med særskilte behov. PPT kallar inn.
- Overgangsmøte: Tilsette i barnehage, skule og PPT møtes for å dela erfaringar og tankar om korleis ein kan byggja eit godt klassefellesskap der alle barna finn sin plass. Tilsette i barnehage hentar inn samtykke frå føresette til kva informasjon som kan bli delt. Tilsette deltek i del av møtet som gjeld barn i eigen barnehage. PPT og skule deltek i heile møtet. Barnehagen kallar inn til møte.
- Føresette blir invitert til foreldremøte på skulen etter påske, før skulestart. Dei får møta kontaktlærar. Helsesjukepleiar og PPT er med for å gi informasjon. Skulen inviterer helsesjukepleiar og PPT.
- Barnehage og skule har tre samarbeidsmøte i løpet av første året på skulen:
- I første møtet er ein del felles for barnehage og skule, og plan for overgang barnehage - skule blir gått gjennom.
- Deler av første møtet og møte nr. 2 er samarbeidsmøte der pedagogar i barnehage samarbeidar om innhald og opplegg, og lærarar i 1.klasse møtes med same føremål.
- Eit av møta er for fjorårets pedagogar i førskulegruppa barnehage og fjorårets lærarar i 1.klasse. Føremålet er tilbakemeldingar, evaluering og forbetringar av arbeid og samarbeid. Ein felles del og ein del der kvar barnehage møter skulen. Dette møtet blir halde på våren i første skuleår.
Publisert av Målfrid Selvik Årthun
Publisert 13.10.2021 14.42