Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Med skulen meinast skule og SFO. SFO er del av skulen.
- Handlingsplan for eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø ligg til grunn for arbeidet.
- Besøk:
- Alle barna blir invitert til ein besøksdag i juni månad før skulestart. Føresette følgjer med barna. På besøksdagen får barna møta kontaktlæraren sin. På besøksdagen får alle barna ei kladdebok og ein skriveblyant. Skulen inviterer, sjå tidspunkt i køyreplan.
- Alle barna får i løpet av året besøkja SFO også, også dei som ikkje skal ha plass.
- Kommande kontaktlærar besøker alle barna i barnehagen før sommarferien. (1-2 timar i barnehagen/kvar barnehage.)
- Fadder:
- Alle barna får ein fadder, ein eldre elev ved skulen som passar ekstra godt på, og leikar med dei.
- Praktisk og variert arbeid:
- Praktisk variert arbeid skal vera vektlagt i 1.klasse, gjerne gjennom stasjonsarbeid.
- Arbeidsoppgåvene gir variasjon i personlege karakterdugleikar barna må ta i bruk og utvikle.
- Organisering og gjennomføring skal særleg ta omsyn til at dugleiken tålmod (evne til konsentrasjon) oftast er mindre utvikla for ein 5 - 6-åring, enn eit eldre skulebarn.
- Tid og ro:
- Det skal vera nok "luft i dagen" til at barna får vera med og samskapa eiga læring.
- Ein skal unngå stresskjensle for barna i 1.klasse.
- Orden og system:
- Det skal brukast tid på å læra barna gode rutinar for orden og system, og oppfølging av dette, slik at barna seinare kan ha meir fokus på fagleg utvikling og progresjon.
- Livsmeistring:
- Psykologisk førstehjelp og toleransevindu blir brukt som verktøy for å hjelpa barna til å handtera eigne kjensler.
- Grunnleggjande dugleikar:
- Dei grunnleggjande dugleikane å lesa, skriva, rekna, digital og munnleg dugleik skal vera vektlagt i opplæringa.
- Lærarane bruker Språkløyper.no som kompetanseressurs for språk, lesing og skriving.
- Fokus på fag kjem meir inn i 2.klasse.
- Leseopplæring:
- Skulane brukar same omgrepsmodell som barnehagane.
- Bokstavinnlæring følgjer nyare forsking, men blir tilpassa elevane i gruppa sine behov.
- Alle skulane brukar det forskingsbaserte treningsopplegget "På sporet" for å hjelpa elevar som strevar med leseutviklinga.
- Lekser/heimearbeid:
- Lesing skal vera prioritert område for heimearbeid i heile 1.klasse.
- Første halvår skal barna berre ha lesing som heimearbeid.
- Tid brukt på lekser skal bli tilpassa kvart barn, i dialog med føresette. Retningsgivande kan vera 10 - 20 minutt effektiv tid.
Publisert av Målfrid Selvik Årthun
Publisert 13.10.2021 14.42