Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Læring og vidareutvikling er føremålet med evaluering. Evaluering av arbeid for å sikra eit trygt og godt miljø i barnehage og skule skal skje på to plan.
- Gjennom samarbeid og samhandling via skriftleg aktivitetsplan skjer ei kontinuerleg evaluering. Det er viktig å få til evaluering av eit og eit tiltak, for å kunne sjekke ut effekt. Det er barnehagen/skulen som har ansvar for å evaluera tiltak og ha kontroll med at desse har effekt.
- Barn/unge og deira føresette bør jamleg få delta i evalueringar. Deira stemme er viktig.
- I meir komplekse saker, der utfordringane har gått over lengre tid og det har vore krevjande å finne tilfredsstillande løysingar som omfattar alle partar, kan det vera lurt å kalla partane inn til samarbeidsmøte for ei meir grundig evaluering.
- Ei slik evaluering skal både skje i individsaker, og for saker som gjeld gruppe/klasse.
- Sentrale spørsmål i evalueringa er:
- Kva skjedde?
- Kvifor skjedde det?
- Kva gjorde me?
- Definerte me utfordringa som rett i utgangspunktet, eller var den eigentlege utfordringa noko anna?
- Kva var effekten av tiltaka?
- Korleis er situasjonen nå?
- Kva har me lært av det me har gjort?
- Kva er lurt å gjera i framtida?
Planen for eit trygt og godt miljø i barnehage og skule skal ha ei jamleg (årleg) ha ei handsaming av følgjande grupper, råd og utval.
FRIST 01.juni årleg.
1. Samtalar med barna/barnas medbestemmelsesmøte i barnehage og elevråd i skule.
2. Tilsette
3. FAU (skule)
5. Samarbeidsutval i kvar barnehage og skule samlar innspel frå alle partar og gir ein felles uttale frå barnehagen/skulen.
Vidare prosess fram mot endeleg vedtak av plan:
Leiargruppa og HTV for oppvekst drøftar og vurderer innkomne innspel, og fastset plan for eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø.
Publisert av Målfrid Selvik Årthun
Publisert 13.10.2021 14.43