Jamlege undersøkingar ved uro for barn/unge sin trivsel:
Viser til handlingsrettleiar BTI, nivå 0, der følgjande område skal undersøkjast ved uro for barn/ungdom si utvikling:
- I kva situasjonar oppstår den uro du har?
- Er det spesielle aktivitetar/timar, tidspunkt på dagen/i løpet av veka?
- Kor ofte skjer det som gir deg uro?
- Er det likt/ulikt etter kven barn/ungdom er saman med?
- Ser barn/ungdom ut til å vera trygg/utrygg i situasjonen?
- Kan åtferda vera eit uttrykk/eit språk for det som er utrygt?
Desse funn bør følgjast opp av ein pedagogisk analyse av situasjonen.
Faste undersøkingar 1. - 3.klasse:
Undersøkingane blir gjennomført tidleg i veka og ikkje før ei langhelg, grunna responstid og varsling.
1) Relasjonar mellom barn/ungdom - vaksne
- Ein gong årleg gjennomfører alle tilsette ei kartlegging der dei vurderer eigne relasjonar til barn/ungdom i den klassen dei høyrer til. Om funn avdekker behov for tiltak, blir det gjort ei ny undersøking etter gjennomføring av tiltak, for å sjekke om desse har hatt effekt.
- Sjekk verktøykassen.
2) Relasjonar mellom barn/ungdom:
- Ein gong årleg gjennomføres det kartlegging i kvar klasse der det kjem fram kva relasjonar det er mellom elevane. Om funn avdekker behov for tiltak, blir det gjort ei ny undersøking etter gjennomføring av tiltak, for å sjekke om desse har hatt effekt.
- Til dette brukar ein sosiogram eller relasjonssirkelen (sjå verktøykasse)
- Samtaleskjema læringsmiljø (sjå verktøykasse)
Faste undersøkingar 3. - 10.klasse:
Undersøkingane blir gjennmført tidleg i veka og ikkje før ei langhelg, grunna responstid og varsling.
- Spekter digital gjennomføres ein gong årleg for å kartlegge læringsmiljøet i klassane. Om funn avdekker behov for tiltak, blir det gjort ei ny undersøking etter gjennomføring av tiltak, for å sjekke om desse har hatt effekt.
Andre faste tiltak som gir informasjon om korleis barn/unge har det:
Barn/ungdom si meining om læring og trivsel på skulen:
- Ein gong årleg får elevane tilbod om ein strukturert elevsamtale der dei får snakka med ein lærar om trivsel på skulen.
- To gonger årleg deltek barn/ungdom i foreldresamtale, der barn/ungdom, føresette og kontaktlærar har dialog om trivsel og utvikling. (Fleire samtalar om behov.)
- Den nasjonale elevundersøkinga gjennomføres årleg for barn/ungdom i 7. - 10.klasse, november.
Ungdom si meining om trivsel i Sauda:
- Ungdata-undersøking gjennomføres årleg for 8. - 10.klasse i grunnskulen.
Risikovurdering:
- Einingsleiar har ansvar for årleg risikovurdering av trygt og godt miljø.