Det førebyggjande arbeidet er det viktigaste i heile rettleiaren. Det kan spara mange partar for vonde kjensler og opplevingar om me gjer det rette først. Det er også eit effektiviseringstiltak med omsyn til bruk av tid og pengar.
Haldningar og verdiar hos kvar tilsett - i kvar barnehage/skule - er det mest effektive og rimeligaste tiltaket innan førebyggjande arbeid. Følgjande avklaringar ligg til grunn for arbeidet med å fremja eit godt og inkluderande barnehage- og skulemiljø.
Dette er føresetnadar for at me kan gjera eit godt arbeid:
1. Rolleavklaring:
- Det er dei vaksne sitt ansvar at barn og unge har det bra. Føresette og tilsette må jobba saman for å lukkast i dette arbeidet.
- Alle tilsette har eit ansvar for å utvikla gode relasjonar til alle barn, unge og føresette.
- Det er barn/ungdom sjølv som skal definera om han/ho opplever seg krenkja, og/eller utsett for mobbing.
- Føresette har eit ansvar for å ta kontakt om dei er bekymra for trivselen til eige barn/ungdom. Barnehagen/skulen skal informera føresette om kvar dei skal ta kontakt.
2. Kommunikasjon:
- Den tilsette skal vera ein vaksen som barn/unge kan ha tillit til.
- Den tilsette er den profesjonelle part, og har ansvar for å visa forståing for og validera (visa aksept for) kjenslene til barn/unge (og føresette) i krevjande situasjonar. Å validera kjensler er ikkje det same som å godta reaksjonsform, vera samd e.l. Det er ein måte å møta mennesker på.
- Den tilsette skal vera leiar av gruppa/klassen på ein måte som blir opplevd trygg og tillitsfremjande for barn og unge. Varme og grensetjande tilsette.
3. Samarbeid:
- Det psykososiale miljø i barnehage og skule (avdeling/klasse) skal vera eit fast tema i foreldremøte.
- Barn og unge si sosiale læring og utvikling skal vera eit tema ein har dialog om i foreldresamtale/utviklingssamtale, og elles når det er naturleg.
- Det blir gjennomført strukturerte barnesamtalar med dei eldste barna i barnehagen, og elevsamtalar i skulen. Samtalane er dialogbaserte, og blir gjennomført årleg. Sosial læring og utvikling er eit sentralt tema.
- Overgangane mellom barnehage - barneskule, barneskule - ungdomsskule og ungdomsskule - vidaregåande skule blir opplevd som planmessige og trygge for barn og unge.
Publisert av Målfrid Selvik Årthun
Publisert 18.12.2020 09.02