Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Når tilsette oppdagar uønska handlingar/haldningar frå barn/unge/vaksne, har dei ei plikt til å gripa inn og stansa dette.
Grip inn!
Alle tilsette har ei plikt til å gripa inn ved mistanke om at eit barn/ungdom ikkje har eit trygt og godt miljø i barnehagen/skulen.
Det er same plikt til å gripa inn overfor alle barn/unge. Den tilsette må bruka kjennskapen til kvart barn/ungdom til å gripa inn på ein høveleg måte.
Tilsette har ei skjerpa plikt til å gripa inn om det er tilsette/andre vaksne som viser krenkjande handlingar eller haldningar. Dette inneber også om ei krenking blir stoppa med ei ny krenking.
Slik grip du inn:
- Om det framstår heilt klart som uakseptable handlingar/haldningar, skal ein gripa inn umiddelbart. Den tilsette må alltid vurdera omsynet til barn/unge sitt beste for når og korleis han/ho grip inn.
- Kritisk refleksjon kan fremja læring. (Undrande tilnærming. "Eg høyrde du sa... eg lurar på.. eg undrar meg over.....")
- Kritikk fremjar ofte motstand. (Bastant tilnærming. "Du sa... det er.....)
- Handlingsrommet til den tilsette overfor barn/ungdom ligg i oppfølging av reglar/ordensreglement.
- Ei god rettesnor for inngripen kan vera:
- Den tilsette gir uttrykk på ein ikkje-dømmande måte om at det som har skjedd ikkje var ei akseptabel handling eller haldning, slik at også tilhøyrarar er trygg på at det blir ei oppfølging.
- Den tilsette ber om ein kort prat med den som har sagt/gjort noko. Dette gjeld både om det er barn/ungdom, eller om det ein tilsett som har sagt/gjort noko.
- Denne praten tar dei så langt råd er litt vekk frå der dei andre er
Oppfølging i etterkant:
Nokre gonger kan inngripen bli ein trigger for fleire/andre vonde kjensler. Då kan det vera godt å setja av ein tid til prat når dei største kjenslene har roa seg ned. Dette gjeld både inngripen overfor barn/unge og kollegaer.
- Presenter korleis du opplevde det som skjedde.
- Lytt til partane si oppleving av det som skjedde.
- La partane presentera sine kjensler rundt det som skjedde.
- Presenter dine kjensler rundt det du såg eller høyrde.
- Korleis vil partane handtera eigne opplevingar og kjensler?
- Korleis vil du handtera eigne opplevingar og kjensler?
- Informer om plikta di til å varsla vidare, om du vurderer situasjonen slik.
Dokumentasjon:
I ei sak skal barnehagen/skulen kunne dokumentera korleis dei har gripe inn ved krenkjande handlingar/haldningar. Dette blir gjort ved å skriva ned aktuelle enkelt-hendingar og kva som er gjort for å handtere denne/desse.
Verktøy:
For å gjera det føreseieleg for barn/unge, kan ein gjerne ha plakatar tilsvarande naudplakatar som viser korleis det blir gripe inn ved krenkjande handlingar og haldningar.
Dette kan også bidra til at barn/unge opplever meir lik praksis mellom tilsette, og dei skjønar at tilsette har eit krav til kva og korleis dei skal gjera.
Publisert av Målfrid Selvik Årthun
Publisert 13.10.2021 14.43