Tiltak skal først og fremst føre til at uønska handlingar og haldningar blir stoppa og at alle barn/unge har eit trygt og godt miljø. Tiltaka skal styrkja kjensla av å bli sett, tålt og høyra til i fellesskap med andre.
- Tiltak må bli bestemt ut frå dei funn som blir avdekka i undersøkingane. Dei skal vera målretta og konkrete.
- Barn/unge si stemme må koma fram i slike saker. Kva seier barn/unge sjølv dei treng for å få eit trygt og godt miljø? Merk at barnehagen/skulen kan ha ei aktivitetsplikt sjølv om barn/unge seier dei ikkje ønskjer tiltak. Vurderer de at miljøet ikkje er trygt og godt for barn/ungdom, har de ei aktivitetsplikt.
- Om tiltaka rettar seg mot andre barn/unge, skal dei også få uttala seg om tiltaka.
- Tiltak for barn/unge som ikkje har eit trygt og godt miljø blir dokumentert og evaluert i aktivitetsplanen.
- Tiltaka må i hovudsak retta seg mot tilpassing, organisering og gjennomføring av tilbodet, dvs. at tiltaka er retta mot det tilsette seier og gjer. Barn/unge og føresette kan bidra med tiltak, men dei har ikkje ansvaret.
- Døme på tiltak: Gjennomføring av opplegg/læringsøkter som aukar barn/unge sitt medvit kring korleis deira åtferd kan påverka andre (LearnLab m.m), kompetanseauke i personalet på aktuelle område - gjerne ved hjelp av PPT, helse-/velferdstenester, tydeleggjering av oppgåver/oppdrag for vaksne ute/inne, organisering av leikegrupper, læringspartnar, styrt inndeling av all gruppedeling, "vakt" på område der det er avdekka uønska hendingar, observasjon og rettleiing av t.d gruppe-/klasseleiing ved hjelp av PPT, felles foreldremøte barn/unge og føresette med refleksjonsoppgåver m.m.
- Reglementet gir handlingsrommet den tilsette har til å stoppa uønska handlingar og haldningar.
- Handlingsrettleiar for BTI skal brukast ved uro for barn og unge si sosiale læring og utvikling.
- Dokumentasjon: De skal kunne dokumentere kva tiltak som er sett inn for å gi barn/unge eit trygt og godt miljø, og korleis de har kome fram til dei aktuelle tiltak. Barnehage brukar Websak, skule brukar Visma Sikker Sak.
- Om barnehagen/skulen ikkje lukkast med tiltaka, må barnehagen/skulen kunne dokumentera at dei har gjort alt det er rimeleg å forventa at dei kan gjera for å sikra barn/ungdom eit trygt og godt miljø. Kommunenivå (barnehage/skule) og/eller Statsforvaltaren (skule) bør få handsama saka om barnehagen/skulen ikkje greier å løysa situasjonen.
- Tiltak ved skjerpa aktivitetsplikt blir handsama som ei personalsak. Det er eit forhold mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar.
- Om undersøkingar konkluderer med krenkjande åtferd mellom tilsette og barn/unge, kan aktuelle tiltak vera:
- Meir/betre opplæring, tilrettelegging eller tydeleggjering av handlingsrommet den tilsette har.
- Omplassering eller endring av arbeidsoppgåver.
- Avtale om endring av åtferd, og korleis ein slik avtale skal bli fulgt opp.
- Disiplinærreaksjonar i form av åtvaring (munnleg/skriftleg), oppseiing eller avskjed.
- Det som kjem fram av analyse og vurdering av resultat frå undersøkingane, avgjer kva tiltak som blir sett inn. Tiltak skal ta omsyn til barn/unge si oppleving og rettar i barnehagelov og opplæringslov, men dei skal også ta omsyn til den tilsette sine rettar etter arbeidsmiljølova. Styrar/rektor skal vera i dialog med kommunalsjef om tiltak på dette nivå. Det kan vera behov for å søkja hjelp for å finne rette og gode tiltak for alle partar.
- Meir informasjon om prosess finn du på arbeidstilsynet sine sider.
Publisert av Målfrid Selvik Årthun
Publisert 13.10.2021 14.43