Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
I nokre saker kan det vera vanskeleg å finne gode løysingar saman. Om barnehagen/skulen vurderer at dei har gjort alt dei kan innanfor det dei meinar er rimeleg å forventa at dei kan gjera, og barn/unge/føresette framleis ikkje opplever ønska betring av miljøet, kan partane søkja hjelp frå andre partar.
Heimeside Sauda kommune:
På heimesidene til barnehage og skule kan føresette finne informasjon om korleis dei skal gå fram om dei har uro for miljøet til barn/unge. Tilsette kan gjerne vise føresette til desse sidene/gi informasjon om desse i foreldremøte.
Informasjon barnehage
Informasjon skule
Mobbeombod:
- Kvart fylke har sitt eige mobbeombod der alle partar kan ta kontakt for råd og rettleiing.
Barnehage:
- Rådgjevarar hos Statsforvaltaren kan gi råd og rettleiing av meir generell karakter.
- Partane kan ta kontakt med kommunalsjef og be om ei vurdering av saka.
Skule:
- Rådgjevarar hos Statsforvaltaren kan gi råd og rettleiing av meir generell karakter.
- Partane kan ta kontakt med kommunalsjef og be om ei vurdering av saka.
- Barn, unge og føresette i skule kan også melda frå om mobbing til Statsforvaltaren.
- Føresette bør ha vore i kontakt med skulen før dei melder frå til Statsforvaltaren. (Prøvd å løysa saka på lågast mogleg nivå.)
Publisert av Målfrid Selvik Årthun
Publisert 13.10.2021 14.43