Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Hjelp frå PPT på andre område
PPT har eit breitt mandat som barnehagen/skulen sin sakkunnige instans. Fokuset er på systemretta arbeid gjennom tiltak som kan treffa breitt og hjelpa fleire.
- PPT deltar i eit kommunalt fleirfagleg team som skal bli involvert FØR ei eventuell tilvising til 2.linjetenester utanfor kommunen.
- Målet er å sikra ei meir grundig vurdering av alle forhold som kan ha innverknad på barn/ungdom sine utfordringar, før ein gjennomfører meir grundige individuelle undersøkingar. Det vil også gi 2.linjetjenester eit betre informasjonsgrunnlag for sitt arbeid, ei kvalitetssikring av arbeidet.
- Barn/ungdom er, som alle oss andre, "24 timars menneske", og det som skjer på eit område i livet har effekt på andre område. Derfor er det viktig å kartleggja miljømessige faktorar som kan oppretthalda situasjonen til barn/ungdom, t.d.
- Barnehage-/skulemiljø.
- Fritid
- Heime
- BTI-rettleiar nivå 3 gir føringar for korleis vidare arbeid og samhandling skal skje.
- PPT bidreg i alle overgangsmøter:
- Mellom barnehage - barneskule
- Mellom barneskule - ungdomsskule
- Overgangsmøtene har fokus på det som blir klassen som heilskap. Kva viktige grep bør bli gjennomført med omsyn til tilpassing, organisering og gjennomføring for å gi alle barn/unge eit likeverdig og inkluderande opplæringstilbod?
- PPT kan bidra med kompetanse inn i det barnehage- og skulebaserte kompetanseutviklingsarbeidet.
- I tillegg kan PPT bidra på gruppe-/klassenivå, med kompetanse tilpassa dei utfordringane som er der. Det kan vera for ei mindre gruppe tilsette, og/eller heile kollegiet.
- PPT organiserer felles lærande møte for ressurspedagogar/spesialpedagogar på tvers av barnehagane, og på tvers av skulane. PPT har dialog med pedagogane i barnehage/skule om kva som er aktuelle tema/kva kompetanse det er behov for å læra meir om - saman.
- PPT følgjer også opp tilbakemeldingar frå ekstern vurdering, og bistår leiargruppa i barnehagen/skulen med hjelp/støtte i det vidare arbeid.
Publisert av Målfrid Selvik Årthun
Publisert 06.10.2022 07.15