Sydande Sauda er eit Sauda som er full av energi og pågangsmot. Som sydar, som “kokar over”, av idear og engasjement.
Sauda treng barn og unge som vil, kan og får høve til å bidra til ei slik utvikling av samfunnet vårt. Nå og i framtid.
Ung Kraft Sauda er eit fond som skal fremja:
- trivsel og læring for eit levedyktig samfunn
- nysgjerrige, oppdagande og skapande barn og unge
- nytenking og entreprenørskap i barnehage og skule
- berekraftig utvikling av samfunnet vårt
- demokrati i praksis
Publisert av Målfrid Selvik Årthun
Publisert 21.01.2024 21.51