Undervisning i kulturskulen
Me er svært stolte av kulturskulen vår. Under finn du dei opplysningane du treng dersom du vil bli elev i kulturskulen.
Det er gratis for alle å låne tilgjengelege instrument av kulturskulen.
Dersom du har kulturkort, kan du nytta det i kulturskulen.
Søk plass her
Elevar som har song, piano/keyboard, gitar, bass eller slagverk som sitt instrument kan gå på kulturskuleband som eit tillegg til individuell undervisning. Det er nødvendig at elevane meistrar sitt instrument godt frå før. Bandet har eit variert låtvalg. Kulturskulen tilrår at eleven held fram med individuell undervisning i tillegg til band-øvingane, men det er ikkje eit krav.
Kvar: Bandrommet i 1. etasje på Folkets hus
Velkommen til dansetime for gutar og jenter innan jazz og hip hop/moderne dans og klassisk ballett. Det blir kul musikk, mykje energi og danseglede! Aldersgrense: 1.trinn.
Stad: Nyesalen i Folkets hus.
Kulturskulen tilbyr individuell opplæring på:
- Fiolin
- Gitar
- El-gitar
- El-bass
- Keyboard
- Song
- Piano
- Trekkspel/toradar
- Slagverk
Kor lenge?
Alle timane varer i 45. minutt. Dette kan kortast ned dersom det blir for lenge for t.d. svært unge elevar.
Om ein ønsker meir undervisning, kan ein søke om å få undervisning fleire gonger pr. veke.
Når?
Lærarane set opp timeplanen sin i august. Dei prøver å tilpasse timane slik at det passar for elevane.
Kvar?
Alle lærarar underviser i undervisningslokala til kulturskulen i 2. etasje på Folkets hus.
Slagverkelevar øver i bandrommet i 1. etasje på Folkets Hus
På kor lærer elevane songteknikk, trenar rytme, gehør og får samtidig vere i lag med andre elevar. Koret syng songar etter alder og interesse. Kvar undervisningstime varer i 60 minutter.
Elevane som arbeider med kunstfag lærer seg ulike teknikkar etter alder og nivå. Dei har utstillingar fleire gonger i året. Nedre aldersgrense er 2. klasse.
Læraren plasserer elevane i grupper etter alder og nivå. Ein time på kunst er 60 minutt.
Kvar: I lokalet innanfor ungdomsklubben, i gamle delen av Folkets hus.
Musikkterapi er eit fag som bind saman musikk og helse. Gjennom ei ressursorientert tilnærming skapar ein gode stunder saman, ved hjelp av musikk. Her kan ein få individuelle timar eller gruppeundervisning. Tilbodet er for menneske med særskilde behov i alle aldrar. Undervisninga er desentralisert, eleven kan få tilbod i t.d. barnehage, skule, daginstitusjon og omsorgsbolig.
Publisert 14.06.2022 14.21
Sist endret 05.08.2024 14.54