I samband med budsjetthandlinga for 2018 blei det vedtatt å løyve kr 100 000 ekstra til landbruket, jord- og skogsformål.
Dyrking
Kr. 2000-, pr dekar
Vilkår: Arealet må vere over 1 dekar og grense opp til anna dyrka jord. Totalt areal på teigen må vere over 3 dekar.
Beiterydding
Kr. 750-- pr dekar
Vilkår: Arealet må vere over 10 dekar, og må vere inngjerda og reint for trevyrkje.
Førehandsrydding for planting
Inntil kr. 250,- pr dekar
Vilkår: Arealet må vere over 10 dekar om det ikkje grensar opp til anna plantefelt. Gjeld ikkje for hogstfelt.
Rydding av plantefelt
Kommunen dekker inntil 25% av godkjent kostnad - godkjent kostnad inntil kr 500 - 100 pr dekar.
Planting
Kommunen dekker 25% av kostnadene på inntil kr 1500 - 2500 pr dekar
Tilskot på under kr 500 vert ikkje utbetalt.
Eventuelle ubrukte midler vert overført til året etter.