System for kvalitetsutvikling i barnehage, skule og SFO:
Sauda kommune har eit samarbeid med Vindafjord og Suldal kommune i dette arbeidet. (VISS-kommunane = Vindafjord, Sauda og Suldal)
Det er utvikla ein modell som viser eit system for kvalitetsutvikling:
System for kvalitetsutvikling
Plan og økonomi:
Overordna alt arbeid i barnehagar, skular og SFO ligg lov om barnehage og lov om grunnskule. Ut frå desse lovane er det laga rammeplan for barnehage og SFO, og læreplan for skule.
Desse dokument “er ikkje på val”, dei er styrande for alt arbeidet som blir gjort. Utover desse har kommunane rettleiarar og rutinar på ulike område, som gir føringar for dei tilsette i arbeidet.
Kommuneplan og budsjett- og økononimplan gir rammer som arbeidet må skje innanfor.
Kompetanse:
Lov om barnehage og opplæringslova gjer klart kva som er kompetansekrav for arbeid i barnehage og skule. Lokalt utarbeidde vedtekter for SFO seier noko om kompetansekrav for SFO.
Utover dette seier følgjande dokument noko om kompetanse i barnehage, skule og SFO:
1.Plan for å behalde, kvalifisere og rekruttere kompetanse (under arbeid)
2. Saman for kvalitet - Regional plan for samhandling om kompetanse- og kvalitetsutvikling, Nord-Rogaland (2023 - 2027) (PDF, 597 kB)
3. Kompetanseutviklingsplan for barnehage, skule og SFO i Sauda kommune (kjem)
4. Lokale kompetanseutviklingsplanar i barnehagar, skular og SFO
- Rutine for barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling
5. Læring gjennom erfaringsutveksling
- Alle barnehagane og skulane har eit partnarskap for erfaringsbasert kompetanseutvikling med barnehagar/skular i nabokommunane. Det er barnehagane og skulane som vel form, innhald og omfang på samarbeidet.
- Utover dette har også barnehagane og skulane samarbeid på tvers av einingane lokalt.
- Årleg leiarsamling for VISS-kommunane: Kompetanse til å styre og leia lokale kompetanseutviklingsarbeid.
Profesjonelle læringsfellesskap:
Rammeplan for barnehage og SFO og læreplan for skule stiller krav om at desse arbeidsplassane skal vere eit profesjonsfagleg fellesskap der lærarar, leiarar og andre tilsette reflekterer over felles verdiar, og vurderer og vidareutviklar sin praksis.
Slikt arbeid treng tid, systematikk og eit trygt og godt arbeidsmiljø.
Det er organisert jamlege utviklingsmøte både på einingsnivå og leiar-/kommunenivå.
Samhandling:
BTI - betre tverrfagleg innsats - er modellen Sauda kommune har valt som samhandlingsmodell mellom tenestane. Modellen sikrar jamlege tverrfaglege møte mellom dei ulike tenestane, i tillegg til at tenestane har ein felles rettleiar for kva dei skal gjere ved uro for barn/unge si utvikling.
For alle tenestene er det nedfelt lovkrav om tverrfagleg samhandling.
Kvalitetsdialog:
Barnehage- og skuleeigar har eit årleg dialogmøte med kvar eining. Føremålet med dialogen er å gi eigar eit grundig innblikk i korleis drift- og utvikling av barnehagen, skulen/SFO går, og kva som er av behov for støtte og oppfølging.
Utover dette møtet har eigar jamleg dialog med barnehagane og skulane gjennom faste samarbeidsmøte og meir uformell kontakt.
Kvalitetsvurdering:
VISS-kommunane gjennomfører årleg ekstern vurdering i kommunane. Ekstern vurdering støttar og utfordrar einingane til vidare lokalt kompetanseutviklingsarbeid, i tillegg til at eigar får ei tilbakemelding på i kva grad barnehagane/skulane lukkast med den utvikling dei seier dei skal få til.
Det er eit team med representantar frå PPT, barnehage-/skuleleiing og fagrådgjevar oppvekst som gjennomfører ekstern vurdering. Til Sauda kjem eit team frå Suldal eller Vindafjord. Sauda deltek i ekstern vurdering i Suldal og Vindafjord.
Rapportane frå ekstern vurdering finn du under tal og resultat.
Tilsyn:
Kommunen har ansvar for tilsyn med barnehage. Statsforvaltaren gjennomfører tilsyn med skule.
Rapportar frå tilsyn finn du under tal og resultat.
Evaluering:
Evaluering skjer kontinuerleg gjennom året. Ein gong årleg leverer administrativ eigar ei kvalitetsmelding, ein tilstandsrapport, til kommunestyret (politisk eigar.) Det blir organisert eit eige dialogmøte om denne meldinga, med føremål om at administrativ og politisk eigar skal ha ei felles oppfatning av kva som fungerer bra, og kva som er behov for av grep for vidare drift og utvikling. Resultatet frå dialogmøtet tar ein med i vidare arbeid med økonomi- og budsjettarbeid, og eventuelt anna planverk.
Årleg kvalitetsmelding finn du under tal og resultat.