Opplæringslova gir skulane ei plikt til å vurdere ulike tilbod som sikrar eleven tidleg og systematisk hjelp.
Særskild språkopplæring i grunnskulen (§ 3-6 i opplæringslova)
Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild språkopplæring til dei kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa.
Kommunen skal jamleg vurdere om ein elev som har vedtak om særskild språkopplæring kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa.
Kommunen kan gjere vedtak om at eleven skal få opplæringa i morsmål på ein annan skole enn den eleven går på.
Intensiv opplæring på 1. - 4. trinn (§ 11-3 i opplæringslova)
Elevar som står i fare for å ikkje ha forventa progresjon i lesing, skriving eller rekning, skal raskt få eigne intensiv opplæring. Dersom det er best for eleven, kan en intensive opplæringa i ein kort periode givast som eineundervisning.
Personleg assistanse (§ 11-4 i opplæringslova)
Eleven har rett til den personlege assistansen dei treng for å kunne delta i opplæringa og ha tilfredsstillande utbyte av ho.
Fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel (§ 11-5 i opplæringslova)
Elevar har rett til dei tekniske hjelpemidla og den fysiske tilrettelegginga dei treng for å kunne delta i opplæringa og få tilfredsstillande utbytte av ho. Elevane har også rett til nødvendig opplæring i bruk av slikt utstyr.
Elevar som er blinde eller sterkt svaksynte, har rett til nødvendig opplæring i mobilitet slik at dei kan komme seg til og frå skolen og ta seg fram på skolen og i heimemiljøet.
Individuelt tilrettelagt opplæring (§ 11-6 og § 11-7 i opplæringslova)
Elevar har rett til individuelt tilrettelagd opplæring dersom dei treng det for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa.
I vurderinga av kva for opplæringstilbod som skal givast, skal det særleg leggjast vekt på utviklingsutsiktene til eleven. Opplæringstilbodet skal utformast slik at det samla kan gi eleven tilfredsstillande utbytte av opplæringa samanlikna med andre elevar og i tråd med dei opplæringsmåla som er realistiske for eleven.
Før kommunen eller fylkeskommunen avgjer om ein elev har krav på individuelt tilrettelagd opplæring, skal dei hente inn ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT.) Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal ta stilling til om eleven treng individuelt tilrettelagd opplæring. Dersom eleven også treng personleg assistanse eller fysisk tilrettelegging etter §§ 11-4 og 11-5, skal den sakkunnige vurderinga gi ei heilskapleg vurdering av kva for tilrettelegging eleven treng.
Kommunen og fylkeskommunen kan berre fråvike den sakkunnige vurderinga dersom dei kjem til at eleven kan få tilfredsstillande utbytte av opplæringa på ein annan måte. Ei slik avgjerd skal vere grunngitt i vedtaket. I vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring kan det gjerast unntak frå reglane om innhaldet i og organiseringa av opplæringa.
Eleven eller foreldra må samtykkje før kommunen eller fylkeskommunen gjer ei sakkunnig vurdering, og før dei gjer vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring. Eit tilbod om individuelt tilrettelagd opplæring skal utarbeidast i samråd med eleven og foreldra, og det skal leggjast stor vekt på kva eleven og foreldra meiner.