Målform

Barneskulane i Sauda har nynorsk som målform. 

  • Føresette kan velgja at elevane har lærebøker i bokmål, sjølv om undervisninga skjer på nynorsk.
  • Føresette kan velgja dette fram til og med 7.klasse.
  • Frå og med 8.klasse er det elevane sjølv som vel kva målform dei ha.
  • Når minst 10 elevar ved ein skule ønskjer bokmål som målform i opplæringa, har dei rett til å tilhøyra ei eiga elevgruppe. (klasse) Dette gjeld 1. - 10.klasse. For barneskulane kan elevane få tilbod om opplæring i bokmål ved ein av skulane, om det er færre enn 10 elevar ved skulen som vil ha denne målform, men samla i kommunen er minst 10 elevar som ønskjer bokmål. Tilbodet blir gitt ved den skulen som har flest elevar som vel dette.
  • Retten til eiga gruppe gjeld så lenge det er minst 6 elevar igjen i denne gruppa.
  • Elevane kan få opplæring på tvers av målform i praktisk-estetiske fag.
  • Føresette kryssar av for målform når dei fyller ut helseskjema ved innmelding til skulestart. Dette finn du under rutine for innskriving.
  • Les meir om Opplæringslova og målform her.