Melde flytting

Skal de flytte til ein annan skulekrins i Sauda, eller til ein annan kommune, skal det alltid meldast frå om flytting. Vil de at eleven skal halde fram ved den skulen eleven har starta ved, må de søkje om dette.

  1. Skal de flytte til ein annan skulekrets lokalt i Sauda, eller til ein annan kommune, ber me om å få skriftleg melding om dette så snart som mogleg.
  2. For å gjera overgangen til ny skule så god som mogleg, ber me om samtykke til å få dela informasjon som kan vera nyttig for ny skule å kjenne til. De gir samtykke til dette ved å krysse av for «gi informasjon» i dokument skriftleg samtykke.
  3. Noverande kontaktlærar vil ta kontakt med føresette for å drøfta kva informasjon som kan vera nyttig å gi til ny skule. Eleven skal også få uttala seg om kva informasjon som skal bli gitt vidare. Det skal vera semje mellom skule, elev og føresette om informasjon som skal bli gitt vidare.

 

Link til skjema for å melde flytting

Skjema for skriftlig samtykke