Rapport om ein felles barneskule i Sauda
Kommunedirektøren fekk september 2024 i oppdrag å setje i gong eit forprosjekt for utgreiing av ein felles barneskule i Sauda. Nå er rapporten klar.
Prosjektet er gjennomført som eit skisseprosjekt og det er vurdert ulike alternativ for plassering og utforming av eit nytt skulebygg, samt tiltak for trygg skuleveg.
Rapporten skal gi eit godt grunnlag for vidare politiske vurderingar av skulestrukturen i Sauda.
Les meir.
Den siste rapporten som nå er venta er ein samla rapport om barnehage og skule, og konsulentbyrået AFRY sine tilrådingar om framtidig organisering av barnehagar og skular, i hovudsak basert på bygningsmessige og fysiske tilhøve.
Publisert 15.04.2026 19.10
Sist endret 15.04.2026 19.33