Samling for nytilsette i oppvekst
Fredag 09.august fekk nytilsette i oppvekst invitasjon til ei samling med kommunalsjef og digitaliseringsutviklar.
11 nye tilsette frå barnehage, skule og SFO møtte til samlinga, og dei fekk ein presentasjon av oppvekst i Sauda, med blant anna verdiplakat, handlingsrettleiar for trygt og godt miljø og BTI. I tillegg fekk skuletilsette innføring i bruk av Ipad.
På spørsmål om kva som er det beste ved å jobbe med barn og unge, kom følgjande fram:
Dette må jo vere verdas beste yrke!
Me ynskjer alle nye i oppvekst velkommen til våre barnehagar, skular og SFO, og lukke til med oppstart av eit nytt barnehage og skuleår.
Publisert av Målfrid Selvik Årthun
Publisert 09.08.2024 10.37