Utlysning - Førespurnad om tilbod på bistand til økonomi og rekneskap våren 2025

Sauda kommune ber om tilbod på bistand til økonomiseksjonen vår våren 2025. Arbeidet vil i hovudsak vere knytt til årsmelding og årsoppgjer for 2024. Frist for levering av anbod er 1.12.24

I samband med vakanse på økonomiseksjonen lyser Sauda kommune ut oppdrag for å få naudsynt bistand til årsmelding og årsoppgjeret for 2024. Arbeidet vil vere variert og inkluderer, men er ikkje avgrensa til:

  • Bistand til Årsmelding/årsoppgjørsdokumenter for
    • Sauda kommune
    • Sauda Næringsutvikling KF
    • Konsolidert regnskap
  • Bistå ved avslutning av regnskapet(siste innspurt med oppstillinger)
  • Kostrarapportering
  • Evt. prosjektgjennomgang ved årsslutt
  • Legge inn evt. manglende prosedyrer/oppgaver i Compilo
  • Bistå og delta på Selvkostgjennomgangen
  • Eskatt/skatteseddel
  • Eigedomsskatt
  • Bistand og bidrag til å løyse problemstillinger som oppstår på fagfeltet.

 

Sauda kommune søkjer tilbod frå registrerte føretak som kan gje tilbod om bistand på ovannemnte. For at me skal klare å bruke bistanden som vert levert er det stilt fylgjande kvalifikasjonskrav til personellet som vert levert i tilbodet:

  • Minst 15 års erfaring frå kommunal økonomi og rekneskap
  • Brei erfaring med bruk av og kompetanse på Visma sitt økonomisystem
  • Erfaring med bruk av Acos Websak
  • Har hatt ansvar for heilskapleg rapporteringsprosess til kommunale organ
  • Erfaring med heile prosessen knytt til eigedomsskatt


Tilboda som vert levert vil bli vurdert med 60 % vekt på kompetanse, og 40 % på pris. For å kunne levere denne tenesta er det naudsynt med oppmøte på Rådhuset i Sauda.

Sauda kommune har fylgjande vilkår: 

  • Kredittiden skal være minimum 30 dager 
  • Det skal sendes EHF-faktura, og alle fakturaer skal merkes med referansenummer 
  • Sauda kommune skal ikke belastes fakturagebyr, jmf. Innkjøpsvilkår for Sauda kommune

 

Tilbod vert sendt til post@sauda.kommune.no innan 1.12.24 kl 23:59.
Spørsmål til utlysinga må rettast til vegard.thise@sauda.kommune.no innan 22.11.24 kl 12:00.